Hopp til innhold

Snøskred stengde sommarskisenter

Eit stort snøskred stengde sommarskisenteret i Stryn fleire timar i dag.

Snøskred ved sommarskisenteret

STORT SKRED: Store mengder snø har kome nedover fjellsida. Skitraseen er omlag 100 meter til høgre for skredet.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

SISTE: Klokka 12:50 opplyser dagleg leiar Magne Brekke at skisenteret kan opne igjen.

– Politi, vegvesen og skredekspertise har vore her og vurdert det som trygt å opne anlegget, seier han til NRK.no.

Stort sørpeskred

NRK-reporter Terje Gilleshammer var på staden og fortalde at det hadde gått eit stort sørpeskred om lag 100 meter frå skitraseen.

– Heisane står og eit par hundre personar no her og ventar. Det ser ut som det er eit stort sørpeskred som har gått i ei elv. Det ligg store snømengder i dalbotnen, fortalde han.

Trudde først vegen var sperra

Statens vegvesen fekk først meldingar om at eit skred sperra Gamle Strynefjellsvegen. Både politi, entreprenør og Statens vegvesen reiste mot staden.

Men no viser det seg at det har kome litt snø ned på eit parkeringsareal og at sjølve fylkesvegen ikkje er sperra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøskred ved sommarskisenteret

SØRPESKRED: Det har truleg blitt oppdemming i ein bekk på grunn av snøsmeltinga.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Sikrar området

Dagleg leiar Magne Brekke ved Stryn sommarski seier skredet gjekk før senteret opnar.

– Det kom eit større skred på morgonkvisten. Det har blitt oppdemming i ein bekk på grunn av snøsmeltinga. Akkurat no har vi folk oppe som skal prøve å sikre området, seier Brekke.

Venta på politiet

Brekke seier folk har venta på at heisane skulle opne igjen og at mange ventar på å komme seg opp i snøen.

Dei har slappa av i den strålande sola vi har her i dag, seier han.

Ingen skal ha komme til skade i skredet og Brekke seier det heller ikkje er materielle skader.

Stryn Sommerski

MYKJE FOLK: Det er mange som har teke turen til sommarskisenteret i finveret. Dei må smørje seg med tilbod så lengje heisane står.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK