Hopp til innhold

100 meter breitt ras stengjer riksveg - politiet ber folk i området ta kontakt

Både Røde Kors og Norske Redningshundar søkjer no i eit 100 meter breitt ras som stengjer riksveg 13 over Vikafjellet. Politiet ønskjer kontakt med folk som var i området rundt klokka 16.30.

Leitar i raset

KREVJANDE: Her søkjer mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshundar i det over 100 meter breie raset.

Foto: Vossestrand Røde Kors hjelpekorps

– Vi er i gang med søk, og har rundt 25 personar frå både Røde Kors og Norske Redningshunder. Vi har hatt geolog inne i området for å vurdere om det er forsvarleg å drive søk, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Arve Samsonsen.

Raset har gått mellom Holesvingane og Myrkdalen, like over fylkesgrensa til Hordaland. Fjellovergangen mellom Vik og Voss er no stengd, og vegen vert ikkje opna i dag, opplyser Statens vegvesen.

100 meter breitt

Også politi, brannvesen og ambulanse er på plass, i tillegg til brøytemannskap.

Samsonsen seier søkjearbeidet er svært krevjande.

– Det vil bli eit svært tidkrevjande søk for snøen er kompakt og djup. Raset er vel 100 meter breitt og iallfall seks meter djupt, kanskje djupare einskilde stadar, seier Samsonsen.

Politiet ber no personar som var i området rundt klokka 16.30 om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.

– Førebels har vi ikkje fått opplysningar om at nokon er tatt av raset, men vi kan ikkje vere sikre før vi har søkt gjennom raset, seier Samsonsen.

Raset i Hola

DIGERT: Snøen i raset er svært kompakt, og det er venta at søkjearbeidet vil ta lang tid.

Foto: Vossestrand Røde Kors hjelpekorps

Hundar sett inn i søket

Ekvipasjar frå Norske Redningshundar hjelper til med søkjearbeidet.

– Vi har åtte hundar på veg. Blant anna ein hundeførar som var i Myrkdalen, og kom raskt til staden, sier Christian Døving, assisterende beredskapsansvarleg i Norske Redningshunder Hordaland.

Laster Twitter-innhold
Hola