Hopp til innhold

Snøras på Gaularfjellet

Entreprenør er no på veg til Gaularfjellet der har gått eit snøras. Vegmeldingssentralen fekk melding om raset klokka 17.47. – Privatpersonar har rydda slik at det er passasje for småbilar, seier vaktoperatør Ketil Molvær. Raset er kring 4 meter breitt og ein halv meter på det høgste. Molvær reknar ikkje med at det skal gå langt tid før raset er rydda.