Simon Beck var invitert til Stryn for å late seg inspirere til å lage ny snøkunst.
Med hjelp av berre truger og eit kompass går han til verks.
Eit bilete i snøen på 200 meter i diameter er under arbeid.
I tolv timar trakka Simon Beck rundt i snøen på trugene sine.
Her byrjar biletet å ta form.
Ein ser mønsteret nedanfor, men framleis er det umogleg å seie korleis det ser ut ovanifrå.
Simon Beck kan nyte sitt eige arbeid etter ein lang dag.