Hopp til innhold

Glad i snøen? Då kan du nyte dette endå litt til...

Snøen lavar ned, og for dei som er glade for dette gjeld det å nyte tida fram til neste veke. Men Vegtrafikksentralen ber også om at folk som er på vegane tek det med ro.

Snøbrøyting Førde 2. juledag

SNØ: 2. juledag snør det tett over heile Vestlandet, også i Førde. Ifølgje Vegtrafikksentralen jobbar ein på spreng med å fjerne snøen frå vegane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

På 2. juledag ligg bygeområda over heile Vestlandet, ifølgje meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Laurdag blir finaste dagen

Snø

STEMNING: For mange betyr snøen julestemning.

Foto: Mildrid Stafsnes

– Ein må nok rekne med ein del snø i dag, ja, men det vil roe seg på kvelden. I morgon blir det for det meste opphald, og det er jo lov å håpe på litt sol, men det kan eg ikkje love, seier Andersen.

Men det betyr ikkje slutten på snøen. Søndag og måndag lavar det ned på ny, og med temperaturane vi har vil snøen ligge i alle fall nokre dagar, ifølgje meteorologen.

Mykje snø på vegane

Ifølgje Vegtrafikksentralen er det kome inn meldingar om mykje snø på vegane.. og brøytemannskapet er i full sving med å rydde vegane rundt om.

– Dei har visst venta på snøen i heile natt, seier operatør i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

Han oppmodar folk til å ta det med ro dersom dei skal ut og køyre.

– Alle må tilpasse farten etter høva, og ikkje ta unødvendige sjansar. Det er då ting oppstår, seier han.

(Saka held fram under biletet)

snø Askvoll-Førde

GLATTE VEGAR: Enkelte stader er vegane glatte, då det ligg is under snøen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Temperaturane vil stige

Det har vore eit par skikkeleg kalde dagar i landsdelen. Fredag har temperaturane gått litt opp, men framleis ligg dei på rundt 0 i kyststroka, og endå lågare i innlandet.

– Laurdag vil temperaturen gå litt ned att, men frå søndag begynner det å bli mildare. I neste veke blir det mildvêr, men slik det ser ut vil nedbøren komme som snø også måndag, seier meteorologen.

Det vil også vere lite vind å snakke om i dagane framover.

– I kveld dreiar han til austleg retning, men det vil ikkje bli noko meir enn frisk bris på det meste, seier Andersen.