Snøen kom brått i år også

Den første snøen har lagt seg i vegbana. Noko som allereie har resultert i bulka bilar.

Slik såg det ut i Frudalen onsdag føremiddag.

Slik såg det ut i Frudalen onsdag føremiddag.

Foto: Vegkamera / NRK

I Magnhildskaret mellom Florø og Svelgen vart ein bil totalskadd i møte med ein stolpe på den glatte vegbana. På riksveg 609 mellom Askvoll og Førde fekk fleire bilar store problem på den såpeglatte vegbana.

SJÅ VERVARSELET PÅ YR.NO

SJÅ VEGMELDINGANE PÅ NRK.NO

- Det var eit sværa show. Snøen har lagt ned og bilar sklei av vegbana. Ein stod endåtil på autovernet. Folk må ikkje køyre med sommardekk på slikt føre, seier ein bilist til NRK.

SJÅ VEGKAMERA PÅ VESTLANDET

Snøen kom i natt

Denne oppmodinga støttar både Vervarslinga på Vestlandet, Statens Vegvesen og UP. Fjellovergangane på Vestlandet er no snødekte og det er minusgrader. Mellom anna er Sognefjellet er vinterstengt, medan det på grunn av uver er kolonnekøyring over Vikafjellet.

- Snøen la seg i natt. Det gjeld alle fjellovergangane i Sogn og Fjordane. Skal du over er det påkravd vinterdekk, seier vaktoperatør Kai Jonny Bugjerde ved vegmeldingssentralen.

Snøen kryp nedover

Vervarslinga på Vestlandet har sett snøgrensa for alle vestlandsfylka til mellom 400 og 600 meter heilt fram til søndag. Enkelte stadar i Sogn og Fjordane kom det onsdag snø heilt ned mot 200 meter. Over helga kan kuldegradene banke på dørene til vestlandsfylka.

- Vi får mange spørsmål om dette med dekk. Grensa på denne tida av året er 31. oktober, men er det naudsynt, så bør bilistane gjere det før. No er absolutt tida for å vurdere å skifte dekk, seier Arvid Flæte, som er politioverbetjent i UP.

- Skal sikre seg

- Eg ser at det er snødekke, minusgrader og snøbyger på E16 over Filefjellet. Då skal ein sikre seg, seier Flæte. Mange bilistar plar vente med å skifte til snøen ligg der. Det er betre å vere føre var.

- Eg har inntrykk av at dei som skal over fjellovergangane er flinke. Dei føl med på veg- og vermeldingar og planlegg etter det. Ein del andre ventar til siste dagen, seier Flæte.

Skiftar for ein grunn

Gebyret for ulovleg bruk av vinterdekk er 500 kroner. Flæte seier desse gebyra ikkje plar sitte laust på hausten.

- I alle fall ikkje hos UP. Det er ansvarlege folk som skiftar om dekka og dei gjer det for ein grunn. Då skal ikkje det få reaksjonar. Eg trur problemet er større om våren når enkelte køyrer med vinterdekk langt ut på sommaren, seier han.