Hopp til innhold

Snø skaper problem for badebasseng

Det siste snøfallet har gitt dei ansvarlege for badebassenget ved Askvoll skule eit uventa problem.

Askvoll skule

FRISKUSAR: I Askvoll er det populært å rulle seg i snøen før dei går i bassenget

Foto: Askvoll skule

Det har synt seg ved tidlegare snøfall at badegjestene gjerne tar seg ein tur ut og rullar seg i snøen før dei hoppar i det oppvarma bassenget.

– Eg veit ikkje heilt om eg skal kalle det eit problem, men det blir ei lita utfordring for dei som skal sikre kvaliteten på vatnet i bassenget, smiler rektor Oddgun Keilegavlen Grane.

For når folk tar seg ein «dukkert» i snøen før dei går i bassenget fører det til at klorforbruket går opp. Det vil dei helst unngå, og må difor no seie nei til kombinasjonen snøbad og basseng.

– Kjedeleg å måtte seie nei

– Er det mange friskusar som går på skulen i Askvoll, sidan «snøbading» tydelegvis er populært?

Oddgun Keilegavlen Grane, rektor Askvoll skule

MÅ SEIE NEI: Oddgun Keilegavlen Grane er rektor ved Askvoll skule.

Foto: Privat

– Vi har mange tøffe ungar som ønsker å rulle seg i snøen før dei går i bassenget. Det er jo ei herleg oppleving, så det er litt kjedeleg å måtte seie nei.

– De har ikkje vurdert å legge nokre av badetimane ute i vinter?

– Vel, seier Keilegavlen Grane, og drar litt på det. Du veit når dei er ute og rullar seg i snøen, så er det gjerne gjort på eitt minutt. Det blir forskjell på det, og å ha 45 minutt ute i kaldt vatn, ler ho.