Hopp til innhold

Snart kan du levere meir farleg avfall

Stadig meir av det vi har tenkt å kaste i bosset blir rekna som farleg avfall. Frå nyttår får du difor lov til å levere inn dobbelt så mykje farleg avfall som før utan å betale for det.

Farlig avfall

DU KAN LEVERE MEIR: Frå nyttår kan kvar hushaldning levere inn opptil 1000 kilo med farleg avfall utan å betale for det.

Foto: Terje Ingvoldstad

– Dette blir gjort fordi ein ønskjer å få inn mest mogleg av det farlege avfallet til korrekt behandling, seier Grete Haugan, som er senioringeniør ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Har snike seg unna betaling ...

Farleg avfall er alt det som inneheld helse- og miljøfarlege stoff, og som må handterast på ein måte som unngår spreiing og opphoping av miljøgifter i naturen.

Det kan vere alt frå hårsprayboksen du tømde i iveren på å få perfekt sveis til julebordet, målingsrestane du har hatt ståande i garasjen i altfor mange år eller restane av den gamle verandaen din som er erstatta av ein ny.

I dag seier reglane at kvar husstand kan levere inn inntil 400 kilo med farleg avfall til det kommunale mottaket – utan å betale for det. Har du meir enn 400 kilo må du betale for det.

Og enkelte har droppa å levere farleg avfall for å unngå kostnaden, stadfestar Grete Haugan hos fylkesmannen.

– Det er nok ein del typar byggavfall spesielt, til dømes trykkimpregnert materiale, som har vore vanskeleg for folk å bli kvitt, seier ho.

Folk flest må ta rekninga likevel

Svein-Ottar Sandal

KOSTNADSKREVJANDE: Svein-Ottar Sandal ved Nordfjord Miljøverk seier meir farleg avfall inn til dei kan bety at renovasjonsgebyret aukar for alle abonnentane. – Det viktigaste er at folk ikkje lenger har eit argument for å la vere å levere inn farleg avfall, seier han.

Foto: Privat

Svein-Ottar Sandal, dagleg leiar i Nordfjord Miljøverk (Nomil) meiner regelendringa er positiv.

– Dette er eit uttrykk frå styresmaktene si side for at det er svært viktig at farleg avfall ikkje kjem på avvege, men blir levert til godkjente mottak, seier Sandal.

Han legg samtidig ikkje skjul på at meir innlevert farleg avfall vil bety meir arbeid for dei, og større kostnader.

– Farleg avfall er det mest kostbare avfallet vi handterer. Vi er eit såkalla sjølvkostselskap, som betyr at vi skal dekke inn kostnadane vi har med inntektene, seier han og fortel at renovasjonsgebyret som kvar hushaldning betaler, i framtida kan bli auka.

– Vi må dekke meirkostnadene inn att med gebyret, men det er vanskeleg å seie kor mykje det vil utgjere.

– Har inga unnskyldning lenger

Dagleg leiar Håkon Grepstad ved Sunnfjord Miljøverk (SUM) seier dei allereie sidan i vår har teke imot farleg avfall også utover 400 kilo, utan å ta betaling for det frå private hushaldningar.

Direktør Hallvard Thomassen ved Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap (SIMAS) meiner det er bra at kiloreglane blir endra, og at dette kjem miljøet til gode. Også han seier meir innlevert farleg avfall kan få betydning for renovasjonsgebyret kvar enkelt abonnent betalar årleg.

– Det viktigaste med dette er at folk ikkje lenger har eit argument for å ikkje levere inn farleg avfall på rett måte, seier Sandal i Nomil.