Hopp til innhold

Trippeldrapssikta er snart ferdig observert

Mannen som er sikta for trippeldrapet i Årdal er enno ikkje avhøyrd. Den 30 år gamle mannen er snart ferdig observert og vil då bli varetektsfengsla, seier politiet.

Trippeldrap på buss i Årdal

TRIPPELDRAP: Det var den 4. november at tre personar på denne bussen vart drepne.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi har ikkje fått signal om at det går mot noko sjukehusinnlegging, og reknar med at det går mot ei ny varetekt, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til VG.

Snart fem månader har gått sidan den trippeldrapssikta asylsøkaren gjekk inn på Valdressekspressen i Årdal. Den 30 år gamle sør-sudanaren er sikta for å ha teke livet av tre personar som var på bussen. Asylsøkaren skulle sendast ut av landet denne dagen, etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin.

No er han snart ferdig med sin judisielle observasjon på Brøset i Trondheim. Ifølgje avisa vil den sikta sør-sudanaren bli varetektsfengsla når han er ferdig med observasjon 7. april.

Sakkunnige har sidan januar vurdert om den trippeldrapssikta tilrekneleg.

Mannen er enno ikkje avhøyrd, men politiet har beslaglagt ein hammar som dei trur er slagvåpenet han brukte før han gjekk laus på offera med det som er skildra som ein kjøkkenkniv.

Forsvarar til den sikta, Fredrik Verling seier han er kjend med beslaga politiet har gjort, men kan ikkje kommentere desse.

Ved første fengslingsmøte etter drapa den 4. november var det klart at sør-sudanaren ikkje erkjende straffskyld, men Bergen tingrett meinte det var stor sannsynleg for at politiet hadde rett mann.

– Det er for tidleg å seier om vi vil få avhøyr av mannen, seier politiadvokat Refsnes.