Små nisjehotell opplever gode tider

Små nisjehotell med få rom, god mat og unike opplevingar opplev kjempetilstrøyming året gjennom. Dette skjer samstundes som det tradisjonelle reiselivet strevar med å få nok gjestedøger i konkurransen mot cruisetrafikk og konferansehotella i storbyane.

Terese Balsnes ved Balsnes gard

GODT NØGD: Terese Balsnes ved Balsnes gard er svært godt nøgd med sommarsesongen så langt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På Balsnes gard i Eid har Terese Balsnes fått ein draumestart for det vesle gardshotellet. Morgonen NRK er på besøk er der berre fire gjester, men det er slik det skal vere på gardshotellet med fire rom.

Frukosten er i ferd med å bli rydda vekk. Med få gjestar kan den bli servert når gjestane helst ynskjer det.

– I dag kjem det gjester og fyller opp dei to siste roma seinare i ettermiddag. I juni og juli har det vore heilt fullt, fortel ho.

Godt motteke

Balsnes gard starta opp med hotell i 2012. Terese og mannen hennar Geir Holmen, flytta heim og ynskte å ta i bruk det gamle, store våningshuset på garden til eit unikt reiselivsprodukt.

Slike hotell har blitt ein trend, og tilboda står i kontrast til masseturismen ved cruisekaiene. Her skal god mat, drikke og opplevingar lokke tilreisande, men også lokalbefolkninga året rundt.

Terese Balsnes seier mottakinga har vore betre enn føresett, nyleg tilsette dei ein kokk i fast stilling.

– Det er heilt fantastisk. Det er jo det vi jobbar for, å ha gjester heile tida, fortel ho.

Vil unngå det travle turistlivet

Amerikanarar

VIL TA DET ROLEG: Lucas og Kary Karahadian nyt rolege dagar på Balsnes gard.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For medan krangelen går i cruisebygdene om storleiken på masseturismen, kan ein amerikansk familie frå California uforstyrra beundre utsikta mot fjellet Hjegnen og Ålfotbreen.

Kary Karahadian og sonen Lucas er begeistra over tilbodet dei fann gjennom ein reiseagent.

– Vi er turistar sjølve, men vi ville unngå det travle turistlivet, og ta det litt rolegare, derfor kontakta vi agenten vår som anbefalte oss denne staden. Her er heilt fantastisk, fortel Kary Karahadian.

Familien har tidlegare i sommar vitja storbyar i Europa, timeplanen i Nordfjord er ikkje heilt fastlagd, men ein klostertur til Selje freistar i varmen. Dagen før var det guida lett spasertur opp på på Naustdalkamben som kneisar bratt over Eidsfjorden.

– Utsikta er heilt nydeleg, og eg har tatt 600 bilete denne ferien allereie, fortel Lucas Karahardian.

Nisjeprodukta opplever vekst

Delar av reiselivet på Vestlandet strevar med å omstille seg i takt med nye reisevanar.

På fjordane seglar cruiseskipa forbi dei familieeigde turisthotella, nær dei store flyplassane tilbyr hotellkjedene konferansar og møtepakkar, talet utanlandsreiser blant nordmenn aukar.

Men nisjeprodukta opplever vekst. Åmot Operagard i Gaular har ei 30 prosent auke i år, mykje av veksten er knytta til matservering som er eit tilbod året rundt. Målet er tilsvarande vekst dei neste tre åra. Eigarparet Steinar Sørli og Yngve Brakstad varslar at det no blir gjort nye investeringar.

– Vi held på å byggje fem nye hotellrom, og etter kvart skal vi bli ein stad for mindre leiargrupper, der dei kan halde kurs og konferansar. Vi har heilårsopent, og det er spesielt i lokalmatrestauranten vi merkar veksten, seier Steinar Sørli.

Inspirert av andre

Gardshotellet 292 Aurland

Nytt gardshotell: Tone Rønning Vike og mannen henner Bjørn Vike har nett starta gardshotell.

Foto: 292 Aurland

I Aurland er gardshotellet 292 Aurland nettopp starta. Eigar Tone Rønning Vike har saman med ektefellen Bjørn Vike starta eit nisjeprodukt midt i den største reiselivskommunen i fylket, med 250 000 cruisepassasjerar årleg. Dei likar godt at andre gjer det bra.

– Det er veldig inspirerande at andre får det til, og då tør også vi å satse, seier Rønning Vike.

I Aurland går debatten om innretninga på reiselivet for fullt. Kommunen vurderer å bygge endå ei cruisekai, men fleire meiner nok er nok. Rønning Vike meiner Aurland må satse på langt meir enn berre cruise.

– Vi må ta vare på fjordane, og det er ikkje sikkert at 250.000 passasjerar er vegen å gå. Folk som har kome til oss i sommar pustar letta ut fordi dei kjem seg vekk frå masseturismen i Flåm, fortel ho.

Rønning Vike fortel at då ho vitja turistinformasjonen i Aurland for to år tilbake fann ho ikkje ei einaste brosjyre om fotturar i Aurlandsdalen. Ho fryktar ei einsretting som gjer at ein går glipp av moglegheiter.

– Eg meiner ikkje at vi ikkje skal ha cruiseturisme, for det har gjort utruleg mykje godt for Aurland, men ein kan tenke på om ein ikkje skal gå litt ned i volum, seier Rønning Vike.

Utvidar Balsnes gard

Leon Knapskog

FLYTTA HEIM: Kokk Leon Knapskog er god nøgd med å lage mat til få personar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tilbake på Balsnes Gard er kokken Leon Knapskog i ferd med å gjere i stand dagens middag. Balsnes gard er blitt heiltidsjobb for han. Året rundt kjem det matgjestar til garden, mange er fastbuande i Nordfjord som bestiller bord på førehand.

– I dag blir det sei, røykelaks frå Svanøy og så lagar eg ein is til dessert, seier han.

Knapskog flytta heim etter fleire år som kokk i utlandet. Mellom anna har han vore kjøkkensjef på den norske ambassaden i Paris, og også jobba på den verdskjende restauranten The French Laundry i California.

– Færre gjestar tyder eigentleg berre høgare kvalitet. Då er det eit selskap om dagen, eit tidspunkt og det er då det skjer, då er eg klar, seier Knapskog.

Suksessen så langt fører til at dei på Balsnes vil bygge to nye gjesterom. Denne gongen på stabburet.

– Vi ser føre oss å utvide, og kven veit, kanskje vi kan tilsetje fleire folk etterkvart, seier Terese Balsnes.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.