Hopp til innhold

Smadra 15 postkassar

Då folk skulle hente posten sin i eit byggefelt i Florø i dag tidleg vart dei møtt av eit heilt postkassestativ der samtlege kassar var øydelagde.

- Dei har reve loket av dei, knust dei og så vidare. Meir enn 15 kassar er øydelagde totalt, fortel vakta ved politiet sin operasjonssentral.

Politiet ser på saka som reint skadeverk og reknar med det har skjedd i løpet av natt til måndag.