NRK Meny

Slutt på to ferjer laurdag

Frå og med komande laurdag går Fjord1 tilbake til å trafikkere Anda-Lote med ei ferje. Det har gått to ferjer på sambandet sidan vegen over Utvikfjellet vart stengd på grunn av flaumen i Utvik 24. juli.

Bilferja Årdal
Foto: Steinar Lote