Hopp til innhold

Slutt for Kader i Sogndal

Barry Kader (25) har ikkje prestert bra nok til å få halde fram i Sogndal. Når sesongen er slutt er det over for afrikanaren.

Barry Kader i duell på venstrekanten

FERDIG: Barry Kader forsvinn frå Sogndal når denne sesongen er slutt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kader er ein av fleire spelarar i Sogndal som ikkje har kontrakt med Sogndal lenger enn ut sesongen. No har leiinga i klubben bestemt seg for å ikkje fornye kontrakten.

– Han har vore her i fleire år og levert bra, men har samtidig vore veldig ujamn. No har vi henta inn fleire spelarar som kan spele i han sin posisjon, og vi vil gje dei sjansen, seier sportsleg leiar Trond Fylling til Sogn Avis.

Kader har vore i Sogndal sidan 2006, men det har gått både opp og ned for han i klubben. Våren for to år sidan stakk han mellom anna av på prøvespel i Frankrike utan løyve frå klubben, skriv avisa.

Sjølv veit ikkje Kader kva som skjer etter sesongen.

– Eg må snakke med agenten min om å finne meg ein annan klubb. Om det blir her i Norge eller i utlandet veit eg ikkje, seier Kader til Sogn Avis.