NRK Meny
Normal

Slike har kosta oss 12 millionar på tre år

På tre år har fotoboksane i fylket gjort bilistane over 11,9 millionar kroner fattigare. Halvparten av dette berre i år.

Ny fotoboks Øyertunellen

KOSTBART: Stadig fleire bilistar passerer dei automatiske trafikkontrollane – det betyr fleire fartsbøter og fleire førarkortbeslag.

Foto: Statens vegvesen

Her i fylket har 424 bilistar mista førarkortet sidan dei automatiske trafikkontrollane starta opp i 2003. 41 av desse så langt i år.

På same tid har 4066 bilførarar fått fartsbøter. Ifølgje tal frå UPs ATK-sentral kjem over halvparten av bøtene frå Gudvangatunnelen i Aurland.

Sogn og Fjordane sett under eitt

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

Totalt

9972

3073725

95

11991200

2012

2907

625907

23

3693900

2013

2999

864161

31

2944100

2014

4066

1583657

41

5353200

– Vi har hatt større driftstid på ATK-boksane. Dette fører naturleg med seg fleire straffbare overskridingar og førarkortbeslag. Ser ein reaksjonane i forhold til tal kontrollerte bilar, så er det ikkje store skilnader, seier trafikkoordinator Trond Olav Hatlenes hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Meir aktive i år

Magna Fondenes Vangsnes hos plan- og forvaltingsseksjonen hos Statens vegvesen stadfestar at fotoboksane har vore meir «på» enn tidlegare i år.

I tillegg fekk også Lærdalstunnelen fylkets første snittmålar i juni i fjor.

E16 Gudvangatunnelen

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

Passerte køyretøy per overskriding

Totalt

4072

569180

36

5094300

369

2012

840

178750

7

1185400

211

2013

867

201947

12

813700

229

2014

2365

188483

17

3095200

668

– Her var det drift halve året i fjor. I 2014 har det vore kontinuerleg drift, men også i dei andre fotoboksane har det vore meir driftstid. I fjor hadde vi ein del tekniske problem, samt vedlikehaldsarbeid enkelte stader som gjorde at driftstida var mindre enn i år, seier ho.

Kring 20 prosent av dei som blir tekne, er utanlandske køyretøy.

Ikkje styggare køyring

Medan fleire har fått førelegg i Sogn og Fjordane siste åra, har tala på landsbasis gått ned. Frå 135.485 på denne tid i fjor – til 121.094 i år. Per 1. november i år hadde Statens Innkrevingssentral kravd 192,9 millionar kroner frå fartssyndarar på norske vegar. Ein førebels nedgang på 20 millionar frå i fjor.

Heile landet per 1. november

År

Straffbare fartsoverskridingar

Passerte køyretøy

Beslag

Passerte køyretøy per overskriding

2014

121.094

161.809.227

845

1.336

2013

135.485

154.196.473

721

1.138

2012

132.911

119.023.668

680

895

Trafikkoordinator, Trond Hatlenes, hos Sogn og Fjordane politidistrikt

IKKJE STYGGARE: Trond Hatlenes hos Sogn og Fjordane politidistrikt meiner det ikkje er grunn til å slå fast at det er styggare køyring, sjølv om det er fleire førarkortbeslag og fartsbøter på vegane i fylket.

Foto: Politiet

Som i Sogn og Fjordane passerer fleire køyretøy fotoboksane – og det passerer fleire køyretøy per fartsoverskriding og førarkortbeslag.

– Meir kontrollaktivitet fører til fleire reaksjonar, men vi ser at sjølv om driftstida er lenger på boksane, så er det ikkje prosentvis store skilnader. Eg trur nok vi kan slå fast at det ikkje er auke i stygg køyring, seier Hatlenes.

Ingen nye boksar

Dei automatiske trafikkontrollane blir gjennomførte som eit samarbeid mellom Politiet og Statens vegvesen.

Både Fondenes Vangsnes og Hatlenes i politiet seier ikkje ligg føre planer om å setje opp fleire fotoboksar på vegnettet i Sogn og Fjordane.

– Men på generelt grunnlag er det ikkje tvil om at ATK-boksar verkar førebyggande. Ikkje minst snittmålingane. Slik sett vil det vere førebyggande å ha fleire ATK-boksar plassert kring om i fylket, seier Hatlenes.

E16 Flenjatunnelen

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

Totalt

4157

743210

17

2313800

2012

437

128240

2

935000

2013

762

278693

5

563300

2014

750

336277

10

815500

E16 Lærdalstunnelen

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

Totalt

2391

1211010

31

2025300

2012

1031

205145

10

884000

2013

1002

283355

10

787300

2014

358

722510

11

354000

Rv 5 Fodnestunnelen

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

Totalt

995

257807

8

1582700

2012

436

113772

4

623000

2013

431

100166

4

777200

2014

128

43869

0

182500

Rv5 Naustdalstunnelen

År

Overskridingar

Kontrollerte

Beslag

Bot

2012

0

0

0

166500

2013

200

192256

1

113900

2014

550

292518

3

906000

Totalt

750

484774

4

1086400

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser