NRK Meny
Normal

Slik vil SV sikre trillingforeldre hjelp

– Foreldre som ventar fleirlingar skal vite at dei får hjelp av kommunen. Det meiner SV som vil pålegge kommunane å stille opp med ekstra hender for tvilling- og trillingforeldre.

Therese og Kenneth Solsvik saman med trillingane sine og Åshild Svendsøy

FAMILIEVIKAR: Trillingforeldra Therese og Kenneth Solsvik i Førde opplever å få god hjelp av kommunen dei bur i. No vil SV pålegge alle kommunar å gi trillingforeldre hjelp.

Foto: Anna Gytri / NRK

Slik det er i dag får trillingforeldre svært forskjellig hjelp av kommunane. Utan nasjonale retningslinjer endar nokre familiar opp med god hjelp, medan andre nesten ikkje får hjelp i det heile.

Kirsti Bergstø (SV) på Stortingets talerstol

FAMILIEVIKAR: Kirsti Bergstø og SV vil ha på plass ei ordning der foreldre som får tvillingar og trillingar skal få hjelp av kommunen ved bruk av såkalla familievikarar.

Foto: NRK

No vil SV pålegge kommunane eit ansvar.

– Vi må etablere eit nasjonalt system, eit krav om kva kommunane skal kunne hjelpe til med. Ei familievikarordning meiner vi er eit godt forslag, seier Kirsti Bergstø som sit i arbeids- og sosialkomiteen for SV.

– Mange gir opp kampen

NRK fortalde i starten av oktober at trillingforeldre får svært forskjellig hjelp av kommunane. Trillingkontakt i Tvillingforeldreforeningen, Anne Winsnes Rødland, seier mange trillingforeldre opplever å bli totalt utslitne.

– Vi veit at det er nokon få som er heldige og får den hjelpa dei treng. Men for dei fleste er det vanskeleg å få hjelp. Dei får tilbod om lite og ingenting, dei må klage og anke vedtaka, og mange gir opp. Nokre får hjelp etter ein lang kamp, sa ho til NRK.no.

Trillingforeldra Therese Marie Borgen Solsvik og Kenneth Solsvik i Førde opplevde det som svært vanskeleg å gå gjennom graviditeten utan å vite om dei fekk hjelp eller ikkje.

– Vi gjekk med ein stor klump i magen, fortalde foreldreparet som til slutt vart positivt overraska over hjelpa dei fekk av kommunen.

Tenk deg å få beskjeden om at du ventar ikke ett, ikke to, men tre barn. For eit ungt par i Førde har dette snudd opp ned på livet. Nå gleder de seg til fødselen, men bekymrer seg også for hvordan de skal klare å ta seg av tre babyer uten hjelp.

SJÅ TV-SAKA: Trillingforeldra Kenneth Solsvik og Therese Marie Borgen Solsvik uroa seg for kva hjelp dei ville få medan barna var i magen.

– Alle skal få vere gode omsorgspersonar

Kirsti Bergstø og SV meiner det er urimeleg at foreldre som ventar tvillingar og trillingar skal gå i uvissa om kva hjelp dei vil få. Partiet ønskjer seg ei levekårskartlegging for å finne ut kva utfordringar og behov fleirlingforeldre har.

Uavhengig av denne vil dei ha ei ordning der kommunane blir pålagde å gi fleirlingforeldre familievikar.

– Alle foreldre må få vere gode omsorgspersonar med overskot. Det å få fleire barn samtidig kan opplevast som veldig utfordrande, og dette er ei gruppe foreldre som har eit større behov for hjelp enn dei får i dag, seier Bergstø.

Håpar på støtte i Stortinget

Slik SV ser det føre seg skal det at ein ventar fleirlingar utløyse eit krav om hjelp, der det blir lagt opp eit minimum. Vidare må ein gjere konkrete vurderingar ut frå den einskilde familie sine behov.

– For at alle skal få den hjelpa dei bør få, må vi ha system som er like for alle. Kor mange timar hjelp, og utforminga, vil variere frå familie til familie, seier Bergstø.

Ho håpar andre parti ser verdien av å sikre fleirlingforeldre hjelp.

– Eg har store forventningar til at fleire parti enn SV ser behov for at fleirlingforeldre skal må meir hjelp og støtte i den mest utfordrande tida. Dette handlar om å sikre alle barn ein god oppvekst.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.