NRK Meny
Normal

Strekkjer ei hjelpande hand til fylkeskommunane

Fylkeskommunen må spare 250 millionar kroner innan fem åra. Desse kutta meiner Venstre og KrF å kunne halvere.

Sveinung Rotevatn

HÅPAR: Venstre og Sveinung Rotevatn vil hjelpe fylkeskommunane som er hardast råka av det nye inntektssystemet til regjeringa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skular kan bli nedlagde og vegbygginga stogge opp dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune må spare ein kvart milliard kroner grunna nytt inntektssystem.

I sine alternative budsjett vil Venstre og KrF redusere kutta kraftig.

– Vi ser at det nye inntektssystemet får veldig alvorlege følgjer for skuletilbodet i fylket, for rutetilbodet, for kulturlivet, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Alternativt budsjett

Venstre og KrF støtta opp om Høgre og Frp si endring av inntektssystemet, som kasta nye mørke skyer over vidaregåande skular, kulturlivet og vegbygginga i fylket.

Når Venstre i dag presenterer sitt alternativ til Statsbudsjett, håpar Rotevatn å få samarbeidspartia med på å halvere kutta.

Trude Brosvik

FYLKESLEIAR: Trude Brosvik (KrF) er nøgd med at partia no tek tak i den endra inntektsordninga.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det å få ein betre økonomisk situasjon for Sogn og Fjordane fylkeskommune er svært viktig, seier han.

– Ikkje god nok oversikt

KrF presenterte sitt framlegg før helga. Som Venstre føreslår dei å innføre ei tapskompensasjonsordning for dei hardast råka fylka. Det er sett av 200 millionar kroner til dette frå Krf si side.

Gruppeleiar og fylkesleiar Trude Brosvik (KrF) er nøgd med at partiet no tar tak etter fyrst å ha støtta regjeringa si omlegging av inntektssystem.

– Eg er samd i at det står fram litt pussig, og eg må seie at dei ikkje hadde god nok oversikt då dei vedtok inntektssystemet, seier Brosvik.

Vil løyve 300 millionar

Frank Willy Djuvik

UNDRANDE: KrF og Venstre sin snuoperasjon overraskar Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den tidlegare Gulen-ordføraren kan ikkje talfeste nøyaktig kor mykje Sogn og Fjordane fylkeskommune får av den ekstra løyvinga, medan Rotevatn seier dei vil løyve 60 millionar kroner årleg til dei hardast råka fylka.

Det vil utgjere 300 millionar kroner over fem år, og i fylgje Rotevatn vil dette halvere kutta til Sogn og Fjordane fylkeskommune, om Venstre får gjennomslag.

– Dersom Venstre får gjennomslag for sin modell, så vil truleg behovet for å kutte bli om lag halvert, seier han.

– Merkeleg

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner det er merkeleg at Venstre og KrF no vil endre på eit inntektssystem dei sjølve var med på å vedta for kort tid sidan.

– Ein ting er kva ein seier ein kan jobbe for, noko anna er kva ein faktisk gjer. Det at Venstre vil endre dette til Sogn og Fjordane sin fordel, det tek vi som fylkespolitikarar godt i mot, seier han.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.