Hopp til innhold

– Vi er ikkje ute etter å skremme dykk eller å lage kvalme

FØRDE (NRK): Ungdomar på trimma mopedar og lettmotorsyklar er ei utfordring for politiet og Vegvesenet.

Geir Leon Hetle og Odd Helge Vågseth informerer om reglar rundt moped og lettsykkel

VIL NÅ UT MED DIALOG: Politiet og Vegvesenet ser ikkje vekk frå at dei på sikt vil reise ut til fleire skular i fylket for å informere om reglane knytt til moped og lettmotorsyklar. Her er Geir Leon Hetle og Odd Helge Vågseth i samtale med elevar ved Øyrane vidaregåande i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Med mål om å redde liv har etatane i Førde no fokus på informasjon, før dei dreg fram bøteblokka og peikefingeren.

– Vi er ikkje ute etter å skremme dykk eller å lage kvalme. Vi er her for å unngå ulykker. Vi vil dykk vel.

Det sa Odd Helge Vågseth då han i matfriminuttet snakka til vel 50 ungdomar i auditoriet på Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Vågseth og inspektør Geir Leon Hetle i Statens vegvesen hadde tydelege mål for skulebesøket. Få ut informasjon om reglane for køyring med moped og lett motorsykkel. Og kanskje endå viktigare, få ungdomane til å forstå kor alvorleg det kan bli om dei gir blaffen.

– Ungdomane lever i nuet, men vi vil at dei skal vere føre var.

– Ikkje fall for freistinga

Seinast i fjor vart det bråk etter at politiet og Vegvesenet gjekk til aksjon mot moped- og lettsykkelmiljøet i Førde etter klager på støy og køyrestil. Både foreldre og ungdomar gav uttrykk for at det hadde vore betre å snakke med ungdomane (ekstern lenke), og i år har politiet og Vegvesenet teke dei på ordet.

Dei kan ikkje talfeste kor ofte dei stoggar trimma mopedar, men seier det er snakk om altfor mange som fell for freistinga. Køyrer du med ein trimma moped er det alvorleg av fleire grunnar.

– Ein trimma moped er bygd om til å gå fortare enn den er godkjent for, som i EU og Norge er ei toppfart på 45 km/t. Har du mopedførarkort så har du fått køyreopplæring til å køyre eit køyretøy i 45 km/t og ikkje meir, seier Hetle.

Politiet og Vegvesenet gjorde greie for kva reglar som gjeld, kva som blir forventa av ungdomane når dei blir stoppa i kontroll, og kva straff og reaksjonar dei kan vente seg.

Då Vågseth fortalde om førelegget på 4200 kroner som ventar dei som blir stoppa med ein trimma moped, gjekk det eit sukk gjennom forsamlinga.

– Det er tydeleg at dei treng informasjon.

Odd Helge Vågseth, Mats Bjørvik, Eirik Bøyum, Egil Ripe og Geir Leon Hetle

TRUR PÅ ENDRING: Odd Helge Vågseth i politiet (lengst til venstre) har tru på at dei nådde inn til ungdomane med informasjonen i dag. Her i samtale med 17-åringane Mats Bjørvik, Eirik Bøyum og Egil Ripe. Lengst til høgre står Geir Leon Hetle i Statens vegvesen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ungdomane: – Lærerikt

Kameratgjengen Mats Bjørvik, Eirik Bøyum og Egil Ripe har alle lettmotorsykkel. Dei gir politiet og Vegvesenet skryt etter besøket.

– Det var bra og lærerikt, og ein betre måte å gjere det på enn i fjor.

Ungdomane seier kontrollane i fjor resulterte i med nervøse sjåførar og dårleg stemning. Etter informasjonsmøtet i dag trur dei fleire vil skjerpe seg. For politiet og Vegvesenet var tydelege på at det blir kontrollar framover.

– Vi forstår at dei må gjere jobben sin, og dei som tek risikoen må ta bota, seier Bjørvik.