Hopp til innhold

Slik vil dei gjere fylket vårt meir klimavenleg

HERMANSVERK (NRK): Fylkespolitikarane våre har klare tankar om at fylket vårt skal stå fram som enda meir klima- og miljøvenleg. Slik vil fire av dei nå dette målet.

Jenny Følling og Tore Eriksen

KLIMA I SENTRUM: Fylkesordførar Jenny Følling meiner fylkeskommunen har ein god politikk på klima og miljø. Her flankert av juridisk sjef Svein Hågård (t.v.) og fylkesrådmann Tore Eriksen (t.h).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

1. Jenny Følling, fylkesordførar (Sp)

– Eg trur dei to viktigaste tinga vi har vedteke i fylkestinget er at vi skal jobbe med ein hydrogenstrategi. Det andre er å etablere eit energiforum som skal jobbe systematisk fornybar energi-saker og teknologiutvikling. Det å etablere klynger og kunnskapmiljø, og jobbe i lag med næringslivet er det som vil skape mest konkrete tiltak og arbeidsplassar ut av.

2. Torbjørn Vereide (Ap)

– Vi må vere gode førebilete, vi må syne at vi tek ansvar i det arbeidet vi gjer. Vi må leggje til rette for næringsverksemd som er miljøvenleg. Så må vi sørge for at dei personane og organisasjonane vi samarbeidar med også tek miljø- og klimaansvar.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

NULLVISJON: Alfred Bjørlo (V) meiner at fylket må jobbe for eit nullutslepps-samfunn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

3. Alfred Bjørlo (Venstre)

– Etter mitt syn er det å ta ei leiarrolle ved å seie at no skal vi som fylke og samfunn over frå eit fossilt samfunn over til eit nullutslepps-samfunn. Det arbeidet set vi i gang i alle sektorar; transport, energi og hus. Så inviterer vi alle kommunane og næringslivet i Sogn og Fjordane til eit felles krafttak på veg mot nullutslepp.

– Er det mogleg?

– Det er fullt mogleg, men då må tore å sleppe litt av det gamle og seie at no går vi for fornybart.

4. Noralv Distad (Høgre)

– Det viktigaste slik eg ser det, er at vi sit på ein unik ressurs i Sogn og Fjordane, nemleg klimavenleg kraft. Den må vi bruke til å utvikle Sogn og Fjordane i ei klimavenleg retning og klimavenleg transport. Det trur eg er vår store moglegheit, og det bør vere 1. prioritet.