Slik trimma dei ordførarbarten

Ordførar Sven Flo har aldri før hatt bart. Men når bygda skal arrangere festival der det er berre bart og bondepiker som gjeld, så var han ikkje vanskeleg å be.

Ordførar Sven Flo i Stryn tok arrangøren av Oktoberfestivalen på ordet. Dei sa på radio at han skulle stille med bart, og på tre veker har Flo spart til sin første bart nokon sinne. - Eg vart faktisk ganske nøgd med den, ler ordføraren.

BARTETRIMMING: Ein heil delegasjon frå arrangøren i Stryn Ping Pong Club møtte opp på ordføraren Sven Flo sitt kontor for å trimme barten hans. (Foto: Arve Uglum)

Ompamusikk, halvmeterlange pølser og tysk øl står på menyen når det i helga blir arrangert Oktoberfestivalen i Stryn. Bart er viktig og dei siste vekene har hundrevis av nordfjordingar late ansiktshåret gro.

Ordføraren i Stryn ville ikkje vere dårlegare, spesielt ikkje etter at arrangøren hadde lova at han skulle stille med bart under paraden laurdag.

– Eg bestemte meg for å ta dei på ordet og let skjegget og barten gro.

– Eg er eigentleg ganske nøgd med den, flirer han dagen før dagen.

(Artikkelen held fram under videoklippet)

Det er duka for oktoberfest og bartekonkurranse i Stryn denne helga.

SJÅ VIDEOKLIPP: «Ompamusikk» vil prege Stryn denne helga.

Difor skal alle ha bart

Oktoberfestivalen har blitt ein slags tradisjon i Stryn dei siste åra. Ein gjeng mannfolk fekk ideen då dei var på Oktoberfest i München, og året etter var det klart for den første barnefesten på heimebane.

For nettopp bart er blitt ein viktig del av festivalen.

– Ein av tankane våre om tyskarane er at alle tyskarar har bart, så difor tenkte vi at alle må ha bart viss vi skal ha ein slik fest, og slik blei det, har festgeneral Torstein Breivik fortalt til NRK.no.

Følte han måtte spare til bart

Om du har møtt på uvanleg mange mannfolk med bart i Nordfjord den siste tida er nettopp dette forklaringa. Medan damene kjempar om å bli Frøken oktoberjente, er det om å gjere for herremannane å ha den flottaste barten.

Ein av dei som kanskje kan ha meldt seg på i den konkurransen er ordføraren i Stryn. Han har aldri før hatt bart, men i tre og ei halv veke har ansiktshåret no fått vokse som det vil. Eit riktig val, meiner han sjølv.

– Oktoberfestivalen som blir arrangert i Stryn har etter kvart blitt ei ganske stor greie, og det er også blitt viktig for å setje Stryn på kartet, seier ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Flo, Jan Roar Lien og Hans Olav Bøe sparar til bart

BART: Even Flo, Jan Roar Lien og Hans Olav Bøe har også spart til bart i desse dagar.

– Meir vaksen og mandig

Men det sat nok litt langt inne å spare til bart. Gjennom eit langt liv har slik ansiktspynt ikkje vore noko for Flo.

– Eg er stort sett veldig glattbarbert, og det har vore i heile mitt vaksne liv. Så dette er litt annleis for å seie det slik, ler han.

I løpet av dei siste tre vekene er det fleire som har sperra opp auga når den før så hårlause ordføraren har blitt litt meir uflidd.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Stryn er denne helga Norge sitt svar på München. For dit kjem 2000 feststemte for å feira oktoberfest. Og dermed er det full fart med lederhosen, øl og ikkje minst bart på dei mannlege deltakarane...

SJÅ TV-SAK: Denne helga er Stryn Norge sitt svar på München. For dit kjem 2000 feststemte for å feire oktoberfest. Dermed er det full fart med lederhosen, øl og ikkje minst bart på dei mannlege deltakarane.

– Det har vore ei uvant oppleving, men det har gått greitt. Det er mest folk rundt meg som har reagert fordi det har vore uvant, fortel Flo.

– Nokon har sagt at eg ser meir vaksen og mandig ut, men andre meiner eg burde ta det vekk så fort som mogleg, seier ordføraren lattermild.

Godt nøgd med resultatet

For å få den rette « sveisen» til festen startar fekk ordføraren i dag hjelp av arrangørane i Stryn Ping Pong Club. Dei møtte mannsterke opp på kontoret hans fredag føremiddag for å trimme barten.

– Dei gjekk laus på meg i kontorstolen og fekk fjerna alt rundt, bortsett frå ein bart.

– Korleis vil du beskrive den barten?

– Den ser faktisk ganske fyldig og bra ut, og den er ganske stor. Dei har barbert det slik at eg har bart nedover på sidene, fortel han.

Dermed er ordføraren klar til opne Oktoberfestivalen sin parade gjennom gatene i morgon. Om barten er på plass når han er på plass på kontoret måndag er heller usikkert.

– Det spørst om den forsvinn allereie på måndag, ler han.

PS: Og viss du lurer på korleis barten til Flo vart sjåande ut til slutt, så ser du det på NRK Vestlandsrevyen klokka 18.40 fredag kveld. I løpet av helga kan du også lese meir og sjå bilete frå Oktoberfestivalen på våre nettsider.