Hopp til innhold

Slik steller dei med minnetavla

Hagelaget i Loen har sidan 1998 planta og gjort det fint rundt minnetavla inst inne i Lodalen i Nordfjord. I år har dei slått på stortromma og laga ny mur. Dugnadsånda lever framleis i bygda, og mange stiller opp utan å få betaling.

Minnetavla i Loen har mange namn

DUGNAD: Det er ingen som får betalt for å stelle med minnetavla, men det set ingen dempar for arbeidet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lodalen er eit populært turistmål om sommaren. Det er ikkje langt frå Olden cruiseskipskai og inn til minnetavla. Den står der inst inne i Lodalen til minne om Lodalsulukkene.

På minnetavla står namnet på alle som dei ikkje fann att etter bølgja som raserte Lodalen både i 1905 og i 1936.

Eit stort ras datt ned frå Ramnefjellet og laga ei kjempebølgje, slik at mykje av dalen kom under vatn.

Dei trudde ikkje at det skulle skje to gonger. Så dei bygde opp att gardane etter 1905. Så kom det på nytt eit stort ras, og tok om lag like mange liv. Dei sette såleis opp ei minnetavle over dei som døydde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lodalen

VAKKERT: Det er lite som i dag minner om dei to tragiske hendingane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tilfeldig kven som overlevde

Tidlegare leiar i hagelaget Sissel Tenden er primus motor i år og. Ho kjem frå garden lengst nede ved vatnet. Mor hennar som då var 15 år gjekk klar av bølgja som kom i 1936.

Sissel Tenden

OVERLEVDE: Mora til Sissel Tenden overlevde den dramatiske ulukka i 1936.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sissel fortel at mor hennar lett kunne vorte med i ulykka. Dagen før det store raset datt ned i Lodalsvatnet, hadde mora og veninna til mora ein krangel om kor dei skulle overnatte den natta.

Venninna ville helst dei skulle overnatte hos ho. Dei vart ikkje einige og gjekk kvar til sitt.

Garden veninna kom frå, låg mykje meir utsett til. Så veninna vart tatt av båra og omkom. Bølgja slo berre opp til muren heime på garden til mora til Sissel. Så ho overlevde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dugnad i Lodalen

NY MUR: I år vart det laga til ein ny mur under dugnaden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Prikken over i-en

Det er ikkje noko som heiter betaling for dei som steller med minnetavla. Her står dei på og lagar det fint.

Dei er mellom ti og femten som er aktive i hagelaget. Men somme har teke turen inn i Lodalen for å hjelpe til, sjølv om dei ikkje er med i hagelaget.

Jan Ove Hogrenning stiller opp gratis med traktor for å få på plass ny jord. Han tykkjer det er positivt for reiselivsnæringa at dei lagar det så fint. Sjølv driv han Kjenndalsstova like ved.

Jan Ove Hogrenning

TRAKTOR: Jan Ove Hogrenning stiller opp med traktoren.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det betyr veldig mykje for oss for Loen er jo ei turistbygd. Det er ein kjempefin natur rundt her, og blomstene her ved minnetavla er prikken over i-en, seier han.

Skal vere ferdige til første cruiseskipet kjem

I det Jan Ove Hogrenning skal ta siste skuffa med jord oppdagar han noko som helst ikkje bør vere i eit blomsterbed.

– Sjå kva eg fann! Her er årgangsvin. Då er dugnaden redda og.

Han tek opp ei tom vinflaske ut av jorda, og viser til dei andre.

Neste dugnad skal dei ha i mai. Da kjem alle blomstene ned i jorda.
Sissel gler seg til det. Dei håpar å bli ferdige før 17. mai, for då kjem det fyrste cruiseskipet til Olden
.

Hagelaget i Loen og dei frivillige

GJENG: Både hagelaget i Loen og frivillige stilte mannsterke under dugnaden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK