Hopp til innhold

«Ungkalvar» skal temme rosenborgs danske dynamitt

Utan stopparkjempene Hannu Patronen og Azar Karadas, er det «ungkalvane» som skal temme Rosenborgs danske dynamitt.

Både Sogndal Fotball sin assistenttrenar, Tom Mangersnes, og Rosenborg-trenar Per Joar Hansen er optimistar før kveldens eliteseriekamp på Fosshaugane.

ASSISTENTTRENAR: Tom Mangersnes har trua på at det unge Sogndal-mannskapet vil temme gulljagande Rosenborg.

Sogndal Fotball håpa i det lengste å få Patronen og Karadas klare til kveldens oppgjer på Fosshaugane.

Ei treningsøkt tidleg torsdag morgon gav dei derimot svaret dei ikkje håpa på.

– Det blir nokre dagar for tidleg, men vi har andre spelarar vi bruker energien på i dag, seier assistenttrenar Tom Mangersnes til NRK.

«Ungkalvar» mot dynamitt

Og desse andre spelarane er nok ein gong Gustav Valsvik (20), Bjørn Inge Utvik (18) og Kristoffer Nesse Stephensen (23). Ein trio som har gjort sine saker bra som midtstopparar for Sogndal. I tillegg får dei følgje med Eirik Bergum Skaasheim (21).

(Kampen held fram under kampfakta)

Laster innhold, vennligst vent..

Det betyr «ungkalvar» mot Rosenborgs rutinerte mannskap på Fosshaugane i kveld. Slik som mot regjerande seriemeister Strømsgodset for snart to veker sidan.

– Det blir moro. Dei hadde ein stri tørn med Kovacs og Sørum for nokre veker sidan, og fekk både jobba etter dei og fekk resultat for det i Haugesund i helga. No blir det ein ny test mot litt tøffe gutar, seier Mangersnes.

Har imponert

– Bjørn Inge er ein spelar som har eit utruleg potensial, og har allereie i ung alder fått spelt på seg ein god del erfaring. Fekk nokre kampar i fjor og har fått godt med speletid i år. han vil berre bli betre og betre, seier Mangersnes.

Nesse Stephensen er eigentleg ein midtbanespelar, men så lenge Sogndal har spelt med tre midtstopparar så meiner ikkje Mangersnes at den rolla er så ulik midtstopparplass.

– Eg er veldig imponert over prestasjonen dei la ned i Haugesund sist. Ein ting er resultatet vi får, og det er veldig mykje takka vere innsatsen til Bjørn Inge, Kristoffer og ikkje minst Gustav som er blitt nøydde til å ta ei sjefsrolle, seier han.

Første sidan 1998?

Per Joar Hansen

RBK-TRENAR: Per Joar «Perry» Hansen meiner Rosenborg må ta dirigentpinnen frå start mot Sogndal.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Sogndal har ikkje slått Rosenborg sidan 1998, men Mangersnes meiner det er fullt mogleg i dag.

Og det er ikkje berre fordi gjestene stiller med kraftpluggen Nicki Bille Nielsen på benken. Dansken hadde eitt mål og ein målgjevande i tilsvarande oppgjer i fjor. Då vart det 4–0 til trønderane.

– Rosenborg er ikkje det dei var. Slik dei har stått fram til no i år, så har vi alle moglegheiter til å slå dei, meiner han.

SOGNDAL: Erik Dahlin, Bjørn Inge Utvik, Gustav Valsvik, Kristoffer Nesse Stephensen, Erik Skaasheim, Logi Valgardsson, Rune Bolseth, Helge Haugen, Petter Strand, Ulrik Flo, Mahatma Otoo.

ROSENBORG: Alexander Lund Hansen, Jonas Svensson, Tore Reginiussen, Stefan Strandberg, Mikael Dorsin, Mikkel Diskerud, Mike Jensen, Ole Kristian Selnæs, Riku Riski, Morten Gamst Pedersen, Alexander Søderlund.