Hopp til innhold

Spaning på to bilar i Eikefjord førde til opprullinga av narkosaka i Sunnfjord

Overvaking av telefonen til ein narkotikabrukar var det som førde politiet på sporet av dei tre litauarane som no står tiltalte for sal av amfetamin og hasj i Sunnfjord.

Eikefjord

HER VAR MØTESTADEN: I Eikefjord sentrum møttest to bilar 11. juni 2012. Politiet meiner to litauarar selde 100 gram hasj her.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

To av dei tre litauarane møter denne veka i Fjordane tingrett, tiltalte for sal av amfetamin og hasj. Den eine er tiltalt for å ha selt 137 gram amfetamin og 5719 gram hasj, den andre for sal av 62,5 gram amFetamin og 2596 gram hasj.

Den tredje tiltalte er av politiet rekna som ein sentral mann i saka, men han er alt utvist frå Norge.

Narkotikaetterforskaren som spana på dei mistenkte var første vitnet i Fjordane tingrett tysdag. Ho fortalde at dei i ei vekes tid hadde hatt kommunikasjonskontroll på telefonen til ein person i narkotikamiljøet i Florø.

Denne overvakinga viste at det hadde vore kontakt med eitt spesielt mobilnummer. Det fatta politiet interesse for, og dei sette i gang med å overvake dette nummeret. Dei oppfanga at det vart gjort avtalar om møte, men det vart aldri sagt nokon møtestad i samtalane.

Fann 11.000 i kontantar i bilen

Likevel førde samtalane til at spanaren den 11. juni 2012 sat i ein bil i Eikefjord sentrum og venta på at noko skulle skje. Og det gjorde det. Først kom ein bil køyrande og parkerte, ein halv time seinare kom ein til.

Dei to plasserte seg slik at spanaren ikkje kunne sjå om det var kontakt mellom personane i bilane. Men då bilen som køyrde mot Florø etterpå vart stansa på Botnastranda, fann politiet til saman 11.000 kroner i kontantar og tre mobiltelefonar. I bilen sat dei to litauarane som no møter i Fjordane tingrett.

I den andre bilen som vart stansa på veg mot Førde fann politiet hasj, sjåføren vedgjekk at han hadde kjøpt 200 gram hasj, av dette 100 gram på denne turen til Eikefjord.

Abdelilah Saeme

FORSVARAR DEN EINE: Abdelilah Saeme forsvarar litauaren som har vedgått delvis straffskuld.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tok ikkje fingeravtrykk

Dei to forsvararane i saka, Aasmund Olav Sandland og Abdelilah Saeme, spurde spanaren om det vart teke fingeravtrykk av pengesetlane for å kunne slå fast om dei kom frå mannen som vart stansa på veg mot Førde. Til det var svaret at det ikkje vart gjort.

Etter pågripinga fann politiet at det hadde vore kontakt med ni personar som alle er kjende for politiet som brukarar av narkotika, alle busette i Sunnfjord, dei fleste i Florø. Det vart og funne nesten 100.000 kroner i kontantar gøymt i husværa til dei tiltalte. Den eine hadde over 400.000 kroner på kontoen sin.

Eit anna politivitne fortalde om telefontrafikken frå mobilnummeret som hadde vore brukt av to av dei tre tiltalte. I tidsrommet frå 28. mars til 11. juni 2012 var det i alt 1142 postar (inn- og utgåande samtalar og tekstmeldingar).

881.000 kroner til Litauen

Av dette meiner politiet at rundt halvparten var narkotikarelaterte kontaktar, for det meste til det politiet veit er brukarar i Florø.

Politivitnet fortalde og om korleis kontantar vart sette inn på kontoane til dei tiltalte og om overføringar av pengar til Litauen. På tre år skal det ha vore sett inn 881.000 kroner på kontoane til dei tre litauarane, på same tida har dei overført til saman 655.000 kroner til kontoar i Litauen.

På spørsmål frå forsvararane opplyste dei tiltalte at noko av pengane var overført til kontoen til mor til den eine tiltalte og til kontoen til stefar til ein av dei andre tiltalte.

Aasmund Olav Sandland

- EIN TEORI, IKKJE BEVIS: Advokat Aasmund Olav Sandland meiner hans klient har kome styrka ut av vitnemåla til politifolka.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Fjernt frå bevis

Den eine av dei to litauarane har vedgått delvis straffeskuld. Den andre nektar for å ha gjort noko kriminelt, og forsvararen hans, Aasmund Olav Sandland, meiner politivitna ikkje kom med noko som kunne styrke tiltalen mot hans klient.

– Etter mi oppfatning har politiet ein teori som dei har lagt saka opp etter. Bevis for det som står i tiltalen er dei ganske fjernt frå, slik eg ser det.

– Meiner du at det politivitna kom med styrkjer eller svekkjer din klient?

– Etter mi oppfatning er hans posisjon styrka. Han er ikkje sett i kontakt med nokon av dei øvrige involverte i konstaterbare narkotikasaker. Han har forklart seg om sin pengebruk, og han er også ekskludert av den andre tiltalte i saka.