Hopp til innhold

Slik reagerer dei på Djuvik sitt syte-utspel

Kommentarane har hagla dei siste dagane. Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet har terga på seg svært mange i Sogn og Fjordane etter talen sin på landsmøtet i helga.

Kommentarar etter Djuvik-utspel

PROVOSERT: Kommentarane etter Djuvik sitt utspel på landsmøtet er ikkje få.

Foto: Skjermdump frå Facebook/Twitter/Firda

Då Frp-politikaren entra talarstolen på partiet sitt landsmøte i helga var han ikkje nådig i framstillinga av heimfylket sitt og lokalpolitikarane i det. Djuvik kalla Sogn og Fjordane for eit «sosialklientfylke» og meiner det vert for mykje syting.

Debatten har herja i ulike kommentarfelt og på sosiale medium i ettertid.

Framstilt som sutrekoppar

Frank Willy Djuvik

SYTEFYLKET: Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet meiner Sogn og Fjordane er eit sytefylke. Mange er usamde med politikaren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På NRK Sogn og Fjordane si Facebook-side har fleire lagt att ein kommentar:

«Han framstiller jo oss som sutrekoppar! Får slike folk sleppe til makt e det over og ut med slike plassar som Sogn og Fjordane», skriv Amund Sundal.

«Han har mista gangsynet sitt»
- Ingunn Haugen

«Frank Willy må forstå at kvar gang man flytter ein arbeidsplass ut av fylket so svekkes veksten. Alle er enige om eit sterkt privat næringsliv er bra, men offentlige og statlige arbeidsplasser kan være en god bidragsyter til vekst også.»
- Tom-Even Svanevik Langø

Laster Twitter-innhold

Også på nettstaden til avisa Firda har folk ytra sine meiningar.

«Djuvik er nok blitt høy på seg sjølv, ikkje alle tåler å få rampelyset på seg»
- Tom-Even Svanevik Langø

«…å kunne framstille S&Fj som ubrukelege potetsekkar som kunn skal suge til seg mest mogeleg midlar tykkjer eg er særs uhøvla og mindre snartenkt […] dersom ein skal fjerne det vesle, særs godt inn- og opparbeidde, og tilogmed brukande og gjerne suksessfulle som Sogn og Fjordane har, dersom ein skal ribbe beina for kjøt og sener, jau, då er det andre gjøkar som bør ribbast først.»
- Elsa Melvær Falkenstein.

Gjer inntrykk

– Det er klart kritikken gjer intrykk, men samstundes har eg sjølv valt å stille meg i denne stormen fordi eg meiner at nokon må gjere det, seier Frank Willy Djuvik.

Han held fast på kritikken mot dei som no dreg i gang disktriksopprør mot demontering av fylket.

– Det er skremselspropaganda som ikkje har rot i røynda, for det har blitt flerire statlege og offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane enne tidlegare. Vikansjå på arbeidsløyse tala som blir lagt fram no, der fylket skil seg ut i positiv lei. Då hengd det ikkje saman å hevde at fylket blirt demontert, seier Djuvik.

Laster Twitter-innhold

«Djuvik gjekk laangt over streken på det der landsmøtet.. Forstår rett og slett ikkje kvifor.. Men som Magnussen skriv, det er neppe stemmene her han er ute etter»
- Anders Hopland

«Sosialklientfylke? Tenk å bruke ei so svak gruppe som eit skjellsord», skriv ein annan Firda-lesar.

«Og kva har Frank Willy bidrege med? Anna enn å syte og klage og gi sin definisjon av eit taparfylke? Snakk om omdømebygging....»
- Gustav Skaar

Laster Twitter-innhold

– Spot on frå Djuvik

Men ikkje alle meiner Djuvik har trakka i salaten. Fleire meiner politikaren har eit poeng og meiner det vert for mykje syting og klaging.

«Spot on fra Djupvik. Førde burde så absolutt slutte å syte og heller begynne å yte, for et framtidig industrieventyr av dimensjoner»
- Torbjørn Borge

«Heil enig Frank Willy!! Problemet til Sogn og Fjordane er at de krangle innad om alt. Ikkje den minste ting de klare å enes om, unntatt det å syte og klage»
- Lill Karin Stålnacke

Sjå og høyr heile talen til Frank Willy Djuvk her: