Hopp til innhold

Slik protesterte Svein Ingvald (71) mot cruisenæringa

Etter å ha sett cruiseskip på cruiseskip legge til kai i Olden bestemte Svein Ingvald Opdal (71) seg for gjera ein spontan protest. Utfallet vart å stilla seg opp naken mot fjorden.

Svein Ingvald Opdal protesterer mot cruisenæringa - Olden

UTSIKT: Svein Ingvald Opdal lét kleda ligga og fekk kona til å ta bilde av at han viste seg fram mot cruiseskipet. – Ho ville ikkje legga det ut på sin Instagram og Facebook, så då gjorde eg det sjølv, seier han lattermildt.

Foto: Privat

– Vi kom til Olden førre onsdag og vart møtte av tre store cruiseskip og eg reagerte på det. I ettertid fekk vi høyre at det var over i land 11.000 totalt. Eg er ikkje så begeistra for desse store cruiseskipa. Eg trur ikkje så mykje folk og forureininga frå skipa er berekraftig, seier Svein Ingvald Opdal.

Det var avisa Kvinnheringen som omtalte saka først.

Han er frå Seimsfoss i Kvinnherad i Hordaland og sit i kommunestyret i for MDG. Førre veke var han saman med kona på ferie i Olden i Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Onsdagen var det over 11.000 besøkande i den vesle bygda frå cruiseskipa, inkludert passasjerar og mannskap.

– Det kom fleire og fleire skip gjennom veka. Då eg stod opp på søndag skulle eg ut for å pissa og då såg eg at det var kome to nye. For meg er det ikkje eit problem, men eg reagerer på måten dei bruker landskapet og nærmiljøet. Så då gav eg kona beskjed om å ta eit bilde av meg som eg delte på Instagram og Facebook, seier Opdal lattermildt.

– Det var ein spontan handling som eg gjorde mest for moro, men det har kome mange reaksjonar. Dei har stort sett utelukkande vore positivt, legg han til Opdal.

Han poengterer også at cruiseturistane ikkje var til plage for dei, men at han tenker mest på kva det har å seie for små bygder når det kjem så mange turistar på ein gang.