Hopp til innhold

Slik pakkar du bilen riktig

Påskeferien er like rundt hjørne, og mange av oss skal ut på tur. For å unngå alvorlege ulykker er det viktig å pakke bilen din rett. Her får du gode råd.

Øyvind Dvergsdal, leiar NAF Førde

PAKK BILEN RIKTIG: Øyvind Dvergsdal, leiar i NAF Førde, gir deg pakketips før påske.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Folk bryr seg ikkje om tryggleiken når dei pakkar bilen sin, meiner NAF.

– Usikra bagasje og lause gjenstander i bilen kan få alvorlege følgjer. Difor er det viktig å pakke bilen riktig, seier Øyvind Dvergsdal, leiar ved NAF-senteret i Førde.

– Dei fleste har nok dårleg samvit

Dei fleste tek med seg litt ekstra av alt når dei skal på ferietur. Men det er få som bryr seg om tryggleiken og korleis bagasjen skal plasserast i bilen, ifølgje Dvergsdal.

– For det første er det viktig å legge dei tyngste tinga nederst og så lang inn mot veggen som mogleg. Bagasjen bør ikkje få moglegheit til å flytte på seg, så det kan vere greitt å feste bagasjen med stropper eller tau, seier Dvergsdal.

Lause gjenstader kan ta liv, sjølv ei lite tomflaske. Ved kollisjon kan ein tomflaske drepe om dei til dømes treff nokon i hovudet.

– Eg er heilt sikker på at dei fleste har dårleg samvit når det gjeld pakking av bil. Folk har ofte dårleg tid, og ting skal skje fort når ein er klar for påsketur, seier Dvergsdal.

Små trafikkuhell kan bli store

– Vi har sett alvorlege ulykker fordi bagasjen er pakka feil. Vi har tidlegare sett at setene knekker på grunn av tunge gjenstander som får fart på seg. Og i baksetet sit ofte ungane våre, seier Dvergsdal.

Han har erfaring med at mange også pakkar skiboksen sin feil, og har for mange kilo i den. Tillat vekt står i vognkortet på bilen.

  • LES OGSÅ:

Også forskar Trine Staff i Stiftelsen Norsk Luftambulanse ber folk pakke bilen sin med omhu.

– Sjølv eit mindre trafikkuhell kan bli svært alvorleg dersom bilen er pakka feil. Vi ser at mange slurvar og gjer feil. Det kan i verste fall føre til at liv går tapt, seier Staff.

Ho er i ferd med å avslutte eit forskingsprosjekt der ho mellom anna har studert korleis bagasjen har vore sikra i 190 trafikkulykker i Norge. Ho har sjølv ein tommelfingerregel:

– Gjenstander som du tykkjer det hadde vore greit å få i hovudet frå ti meters høgde, kan ligge laust. Alt anna bør sikrast, seier ho.

  • LES OGSÅ: