Slik feira dei Oktoberfesten

Med 2700 selde billettar blei Oktoberfesten i Stryn ein suksess. Tyrolarhattar, lærshorts og kvinner utkledde som bondepiker har prega bygda.

Kåre Tonning, med tittel konsul i Stryn Ping Pong Club, er ein av dei som står bak arrangementet. Han lovar at det blir ny fest også neste år.

– Dette blei ein suksess frå ende til annan, med flott ver og mykje folk. Vi går og gliser medan vi ryddar, fortel han dagen deretter.

Det var fjerde gong at det blei arrangert oktoberfest i Nordfjord-bygda. Stryn Ping Pong Club står bak festen. Det heile starta på ein gutetur til ølfesten i München for fem år sidan. Dei likte seg så godt under den tradisjonsrike Oktoberfesten i Bayern, at dei ville lage ein slik i Stryn også.

– Det er heilt suverent

Med 900 selde billettar fredag og 1800 laurdag, kom dei over målet dei hadde på 2000 billettar.

– Vi klarte det med god margin, det er heilt suverent. Alle vi har snakka med har vore kjempenøgde.

Kåre Tonning

NØGD KONSUL: Kåre Tonning i Stryn Ping Pong Cup kan glise etter årets oktoberfest.

Foto: Arne Vik
Selde 350 lærshorts

Økonomisk reknar han med at dei går det i pluss. For Stryn Ping Pong Club lagar festen, set opp telta og ordnar med lyd og lys og band, medan utestadane står for servering.

– Har det vore vanskeleg å få stryningane til å kle seg i lærshorts og bondepikedrakter?

– Nei, det har det ikkje vore. Allereie onsdag var vi utselde for kostyme, vi selde mellom anna 350 lærshorts. I tillegg er det mange som har henta fram kostyme frå loft og kjellar, og nokre laga eigne drakter.

Mest mogleg autentisk fest

Han trur folk har kledd seg opp fordi dei har klart å lage ein så autentisk Oktoberfest som mogleg. For når alle går likt kledd, blir stemninga høg.

– I München går alle kledd slikt. Vi har hatt minst 600–700 oppkledde personar her i helga. Festen i Stryn har blitt populær med tilreisande frå mellom anna Sunnmøre, det har rett og slett blitt ein folkefest.