Hopp til innhold

Slik fargelegg dei Bulandet

Etter fleire år utanbygds vende Britt Hillersøy og Elisabeth Torvanger heim til Bulandet. No ville dei gje noko attende.

Støvlar på veggen

PÅ STAS: Gummistøvlar har ein sjølvsagt plass på Bulandet- no også på veggen.

Foto: Britt Hillersøy / privat

– Det starta med at vi var ein del yngre folk som har flytta heim att, med småbarn og slikt, og vi ville friske opp den forfalne leikeplassen. Vi gjorde det fint og leikent med frisk måling og spreke gummistøvlar spikra oppetter veggen. Og sidan har det balla på seg, seier Britt Hillersøy. Ho er ei av eldsjelene bak den fargesterke pyntinga av Bulandet.

toalett

OFFENTLEG TOALETT? Smaken er som baken, men blomster friskar alltid opp.

Foto: Britt Hillersøy

Mønstra strikk dekorerer skilt og rekkverk. Støvlar, blomsterkassar, potter og til og med eit utgått toalett er fylt til randen med blomster, og møter bulendingane og dei som gjestar havgapet.

Strikkestolpe

HJARTEVARME: Flittige bulendingar har dekorert både stolpar og gjerde på øyane.

Foto: Britt Hillersøy / privat

Fargelegg Øyriket

– Då vi var komne til hausten hadde vi fått så mykje positiv respons på det vi hadde gjort at vi starta ei gruppe med mål om å fargelegge heile Bulandet. Vi kalla prosjektet Fargelegg Øyriket.

Hillersøy og Elisabeth Torvanger leier arbeidet og har fått stor støtte til prosjektet, både av enkeltpersonar og av næringslivet. Mellom anna heldt dei ein vellukka loppemarknad, der inntektene skulle gå til oppfriskinga.

SØPPELDUNK

FRISK: Sjølv søppeldunken lyser når prosjekt Fargelegg Øyriket har vore på ferde.

Foto: Britt Hillersøy / privat

– Av grendalaget har vi fått bord med benkar. Tidlegare har dei stått nesten ubrukt, men no har dei fått ei overhalling og plassering på rasteplassar. Gjennom å gjere dette får vi gitt noko attende til Bulandet, og så gjer vi noko som er til glede for fleire enn oss sjølve, seier Hillersøy.

Imponert ordførar

Det kan Askvoll-ordførar Frida Melvær seie seg einig i.

– Dette er eit imponerande tilltak!

Ho gler seg over kor fint det blir, til nytte og glede for alle som bur her, men ikkje minst alle som gjestar øyane om sommaren.

– Ikkje berre har dei pynta opp og rydda rundt sine nærområde, men det har smitta ut i bygda og engasjert unge og eldre. Folk føler eigarskap og vatnar blomster over heile bygda, forel den entusiastiske ordføraren.

Hillersøy bekreftar Melvær og er slett ikkje redd det skal bli for mykje arbeid med blomsterkassar over heile Bulandet, sjølv i det knusktørre veret.

Vêrsterke blomsterkassar

– Det er mange som er med og bidreg, og vi ser at lysta til å friske opp har spreidd seg over brua til Værlandet. Det er kjekt at vi kan inspirert andre og.

No har postkassestativ og busskur på øyane fått ein leiken oppgradering, og Hillersøy fortel at forbipasserande stoppar opp og fotograferer. Men korleis skal det gå med all pynten når sommarmånadene ein gong er forbi?

– Det er mogeleg vi må ta ned strikket for å ta vare på det, men elles er det som er sett ut sett der for å tole det vêrharde klimaet. Desse massive blomsterkassane er så tunge at dei blir der dei er, ler Hillersøy.

Blomsterkasse og støvlar

IDYLL: Sommar, sol og gummistøvlar friskar opp Bulandet. No er trenden i ferd med å breie seg over brua og innover til Værlandet.

Foto: Britt Hillesøy / Privat