Hopp til innhold

Tok sølv og bronse i junior-NM

Hans Sande og Evald Osnes Devik frå Gloppen Friidrettslag tok sølv og bronse i slegge under dagens øvelsar i junior-NM i Overhalla i Trøndelag.

Sande og Devik

NØGDE KARAR: F.v. Hans Sande og Evald Osnes Devik tok høvesvis 2. og 3. plass i slegge i junior-NM.

Foto: Nils Ove Roset

Sande kasta 56,21, medan Devik kasta 55,68 meter.

Med det er Sande teken ut til Nordisk junior-landskamp i Finland neste helg.

Førdianaren Marius Vedvik tok sølv på 1500 meter på tida 3,54,55, bak vinnaren Vegard Ølstad frå Ren-Eng FIK som hadde vinnartida 3,51,29.

Alle resultata frå dagens øvingar finn du her.

Kjersti Strømmen Kjerpeset og Øyvind Strømmen Kjerpeset spring finalar i 100 m og 200 m søndag.