Hopp til innhold

Sommaren tek ein kort pause

Måndag blir den siste godvêrsdagen i Sogn og Fjordane på ei stund. Men alt mot neste helg ser det ut til at sola er tilbake på Vestlandet.

Solnedgang over Brekke

MÅ VIKE: Solnedgangar som denne, sett frå E39 i Instefjord i Gulen, må vike for tettare skydekke frå tysdag av.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– 2. pinsedag blir det mykje fint vêr. Det kan kanskje ligge litt låge skyer eller tåkeskyer langs kysten, elles blir det mykje bra vêr, lovar statsmeteorolog Mette Sundvor Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vått midt i veka

Men så tek sommarvêret som dei siste vekene har skjemt bort regnvande vestlendingar ein pause.

Mette Sundvor Skjerdal

STATSMETEOROLOG: Mette Sudvor Skjerdal ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Foto: met.no

– Når vi kjem til tysdag blir det fint vêr først på dagen, men så skyar det til utover ettermiddagen. Det kjem inn nedbør, først i dei sørlege områda. Dette ser ut til å vare resten av tysdagen.

Dei etterfølgjande dagane blir det grått, vått og trist i Sogn og Fjordane.

– Slik som det ser ut no, så blir onsdag og torsdag prega av lågtrykksaktivitet og nedbør. Ikkje dei heilt store mengdene, men det blir ein annan vêrtype enn vi har vore vande med dei siste vekene.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sommarkveld ved Frivik i Sogn

NYDELEGE SOMMARKVELDAR: Slik har det sett ut ved Sognefjorden dei siste kveldane. No tek sommaren ein ørliten pause.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fint neste helg – men nordavind

For dei som alt har byrja å sjå mot neste helg, ser vêrutsiktene langt betre ut, ikkje ulikt starten på pinsehelga.

– Det er usikkert å slå fast enno, og kjem an på kvar lågtrykka plasserer seg, men neste helg ser ikkje så aller verst ut. Det ser ut til av vi får eit høgtrykk i havet vest for oss som gjer at vi får nordleg vind og stort sett ganske bra vêr.

Men mens temperaturane i pinsen har lagt godt oppe på 20-talet, blir det kaldare luft frå nord neste helg.

– Vi får kanskje ikkje dei høgste temperaturane, men greitt vêr. Kanskje særleg på laurdagen. Det blir nok temperaturar opp mot 20 grader i indre strok. Langs kysten får vi nok ein del lågare temperatur med nordleg liten kuling.

Søndag var dette dei høgste temperaturane målt i Sogn og Fjordane:

  • Stryn, Kroken: 24,8
  • Fjærland: 23,6
  • Lærdal 23,4

Kråkenes fyr i Vågsøy hadde meir moderate 17,7