Hopp til innhold

Slepp straff for drap

Mannen som var sikta for å ha teke livet av bror sin i Sogndal i august 2004 slepp straff.

Politiet etterforskar drapet i Sogndal i august 2004
Foto: NRK

- Vi har ikkje funne bevis for at drapet vart gjort med vilje eller at det var aktlaust, seier statsadvokat Jogeir Nogva.

Det var i august 2004 at den no 30 år gamle mannen tok livet av den tre år eldre broren med kniv. Dei to hadde krangla i forkant av drapet, og politiet karakteriserte det heile som ei familietragedie. 

30-åringen som var sikta for drapet vedgjekk at han tok livet av broren, men har heile tida nekta straffskuld. Til politiet forklarte han at han handla i naudverje.

- Grundig etterforsking

Politiet har fått kritikk for at dei har brukt lang tid på etterforskinga. Statsadvokat Jogeir Nogva forklarar kvifor:

- Vi har teke oss god tid for å få etterforska saka grundig. Det er jo ei alvorleg sak, og då tek vi oss den tid vi treng for å få den skikkeleg belyst, seier Nogva.

Forsvararen til sogndølen, Louis Anda, er godt nøgd med avgjerda til Riksadvokaten.

- Det var ei rett avgjerd. Vi snakkar her om ein naudverje-situasjon som var utløyst av eit hendeleg uhell.  

- Stor påkjenning

30-åringen er sjølv bortreist for tida, men Anda reknar med at avgjerda til påtalemakta vil vere ei stor lette for han.

- Saka har vore ei påkjenning, ikkje minst fordi det her er snakk om broren, seier Anda. 

Men Anda er svært kritisk til at etterforskinga har teke så lang tid. Han kallar tidsbruken skammeleg.

Vurderer å krevje erstatning

Anda vil saman med klienten no vurdere om det er grunnlag for å krevje erstatning.

- Han har og site i varetekt, som og vil vere grunnlag for å krevje erstatning, seier Andal.