Slepp fri kvinne i 40-åra

Kvinna som i går vart sikta for grovt skadeverk etter ein brann i eit rekkehus i Førde er sleppt fri. Det skriv politiet i ei pressemelding. Den sikta kvinna er avhøyrt av politiet som ikkje vil gå inn på kva kvinna har sagt i avhøyr. Kvinna erkjenner ikkje straffskuld. Politiet vil halde fram med kriminaltekniske undersøkingar og avhøyr.