Hopp til innhold

Slengde drit om bilkjøp - må i fengsel for vald

Mannen slengde med leppa om bilkjøpet til ein annan, vart dregen ut av bilen og hamna i slagsmål. No må han 120 dagar i fengsel vald.

Det var i januar i år at ein fuktig kveld i Nordfjord at det som starta med slengkommentarar om eit bilkjøp enda i slagsmål og brota nase.

Mannen i 20-åra hevda han handla i naudverje då han slo og sparka motparten gjentekne gonger.

Sogn og Fjordane tingrett høyrde seks vitneprov om opptakta til slagsmålet då mannen, som ikkje er busett i området. Resten var dokumentert i eit filmopptak.

Opptaket viste at fornærma vart svært opphissa, og med stor kraft drog tiltalte ut av bilen han sat i. Etter ein kraftig brytekamp fekk tiltalte overtaket då han sette seg på fornærma.

Retten meinte at han så langt ikkje gjekk lenger enn forsvarleg, og kunne ha hevda naudrett om situasjonen enda med det.

Men tiltalte retta i staden fleire slag mot hovudet og andre stadar på kroppen til fornærma. Valden held fram også etter at fornærma vart liggande meir eller mindre stille. Tiltalte reiste seg opp retta fleire spark både mot fornærma.

Etter å ha tatt eitt par stegs fart, avslutta han med det retten meinte var eit kraftig spark mot fornærma sitt hovud.

Dagen etter fekk fornærma konstatert nasebrot hos legen.

Retten sa seg samd i at det var eit ulovleg angrep av fornærma å dra tiltalte ut av bilen og la i formildande retning vekt på at valden ikkje skjedde uprovosert.

Det vart likevel understreka at tiltalte starta det heile, med nedsetjande kommentarar som av vitne vart skildra som dritslenging og mobbing.

Retten kunne ikkje sjå vekk frå at nasen vart brota under basketaket før sjølve valden, og dømde difor mannen til fengsel i 120 dagar for forsøk på kroppsskade.