Hopp til innhold

Dette laget hadde med seg sin heilt eigne kokk til Norway Cup

Det er ikkje berre toppidrettsutøvarar som må ha eigen kokk med på store idrettsarrangement. Gutelaget G14 Syril frå Leikanger hadde med seg sin eigne kokk til Norway Cup.

Syril

UTE AV NORWAY-CUP: Gutelaget G14 Syril frå Leikanger kom seg nesten til finalen under Norway-Cup.

Foto: Privat

Alle laga frå fylket er ute av Norway-Cup, men gutelaget G14 Syril frå Leikanger kom seg nesten heilt til finalen før det var exit for systrendingane. Om det skuldast at dei hadde eigen kokk, skal vere usagt. At dei hadde best mat heile veka, er iallfall ikkje langt frå sanninga.

Kjetil Berg arbeidar som kokk til vanleg, og bestemte seg for å reise saman med laget og vere kokk på Ekebergsletta.

– Det sette gutane stor pris på. Dei fekk god og sunn mat heile veka. Det er viktig med god viktig næring, seier Berg.

– Det var veldig mykje god mat, men vi ikkje lov til å grille pølser, berre kylling og fisk, fortel spelar Anders Magnus Elde Walaker.

Trist å ryke ut så nær finalen

Men no er eventyret i Norway Cup slutt for Syril.

– Det er sjølvsagt utruleg kjedeleg å ryke ut når finalen var så nær, seier trenar Rune Henjesand.

Av dei mange laga frå fylket som har reist til Ekerbergsletta er no alle ute. Gutelaget frå Leikanger kom heilt til semifinalen i A-slutt-spelet, men finaleplassen rauk når dei tapte 2–0 mot Balan Sportsclub frå Romania.

(Artikkelen held fram under biletet)

Syril

PRIVAT KOKK: Gutane frå Leikanger hadde med seg sin eigen kokk, og fekk servert god mat heile veka.

Foto: Privat

– Glimrande innsats

Sjølv om Syril er ute av cupen er trenaren likevel godt nøgd med innsatsen til gutelaget frå Leikanger.

– Vi har hatt ei fantastisk flott veke her på Ekeberg. Innsatsen til gutane har verkeleg vore fantastisk. Dei har vore fokusert, og dei har jobba hardt for å kome så langt som dei har gjort.

Spelar på Syril, Anders Magnus Elde Walaker legg ikkje skjul på at han er skuffa over tapet mot det rumenske laget.

– Det var skikkeleg surt å tape, men laget vi møtte er veldig gode, og eg visste det kom til å bli ein vanskeleg kamp, seier Walaker.

Fjortenåringen seier han trur Balan Sportsclub kjem til å vinne i finalen, og seier at om dei gjer det er det greitt at Syril rauk ut.

– Då har vi jo tapt mot dei aller beste, det gjer det litt enklare, ler Walaker.

Han seier vidare at han er stolt av Syril sin innsats på Ekebergsletta denne veka, og at han er stolt av å vere det beste laget frå Sogn og Fjordane.