Hopp til innhold

Slår ring om Belik-søstrene

Politikarane i fylket slår no ring om Belik-søstrene i Aurland. Dei to jentene fryktar dei skal bli utsett for sexhandel i heimlandet Moldova, men får ikkje opphald i Norge.

 

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

Nyvald fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik, meiner det er umenneskeleg å sende dei to søstrene ut av landet.

- Vi tykkjer det er umenneskeleg og meiningslaust å sende tilbake dei to jentene.  Dei har eit reelt trugsmål i heimlandet og dei har blitt integrert og funne seg ein ny heim i Norge. Det er hjartelaust, seier ho. 

- Vis menneskeleg omsyn

Og Brosvik er ikkje åleine, også Senterpartiet i fylket engasjerer seg for dei to moldoviske jentene, og ber regjeringa vise menneskelege omsyn og la dei bli i landet. Tanja og Olga Belik kom til Norge 2003 og har sidan budd Aurland saman med mora. Ho kom til landet året før på grunn av politisk forfølging.

- Må få bli

Olga og Tanja Belik.
Foto: NRK

Jentene har ikkje fått opphald, og fryktar for livet og meiner dei risikerer å bli tvinga til prostitusjon i heimlandet, men i førre veke slo Borgarting lagmannsrett fast at det ikkje var gjort sakshandsamingsfeil i saka og jentene må altså ut av Norge.

- Det er ikkje funne feil i høve til sakshandsaminga, men Stortinget har angra seg på at dei har gjeve all makt frå seg. Dei seier at vi må få eit nytt regelverk som gjer at vi kan bruke litt folkeleg vett. Og medan vi ventar på at dette regelverket kjem, så må desse jentene få bli, seier ho.