Hopp til innhold

Skulle tørke ved på omnen

Ein sogning i 40-åra må betale 7.000 kroner i bot etter at han prøvde å tørke vedkubbar på vedomnen sin i desember i fjor. Mannen sovna sjølv i ein stol og fekk ikkje med seg at vedkubbane tok fyr og resulterte i at naudetatane rykte ut. I førelegget skriv politiet at det var fare for husbrann. Mannen har godteke bota.