Hopp til innhold

Skuleelev fortvilar fordi han ikkje får endre søknaden sin

Dårleg kommunikasjon gjer at skuleeleven Emil Hosøy frå Gulen ikkje får søkje på det utdanningsvalet han ynskjer.

Emil Hosøy

FÅR IKKJE ENDRE SØKNAD: Emil Hosøy frå Gulen ønskjer å endre skulevalet sitt. Det får han ikkje lov til etter dei nye reglane som kom i år.

Foto: Privat

Frå i år endra fylkeskommunane regelverket slik at elevar ikkje kan endre søknaden sin til vidaregåande opplæring fram til 1. mai.

Men skulen Hosøy går på har ikkje fått med seg endringa, no sit han att med problemet i fanget.

– Eg tykkjer det er toskete av inntakskontoret. Det har jo vore slik i alle år at ein har hatt høve til å omprioritere søknaden. Når du er 16 så er det vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal velje, seier han.

Tykkjer dei kunne sendt ut skriv

Emil Hosøy frå Gulen er lei seg over at rot blant vaksne skal føre til at han ikkje kan gå på elektroutdanning slik han ynskjer.

Tidlegare har elevar kunne endre søknaden til vidaregåande opplæring fram til 1. mai. Hosøy hadde søkt på studiespesialisering, men ville endre søknaden til elektro. Hadde han gjort det i fjor, hadde det vore heilt i orden. Men rådgjevaren ved Byrknesøy barnehage og skule hadde ikkje fått med seg at moglegheita i år er vekke.

– Når dei først skal forandre noko som har vore likt i alle år, kunne dei sendt ut eit skriv til skulane. Du får ikkje særleg motivasjon til å gå på noko du ikkje har lyst til, seier Hosøy.

Ber nåde gå for rett

Byrknes skule

– MANGLANDE INFORMASJON: Rektoren ved Byrknes skule meiner inntakskontoret ikkje har orientert godt nok.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Rektor Helge Pedersen meiner det er fylkeskommunen som ikkje har informert godt nok. Pedersen har skrive brev til fylket der han ber om at nåde kan gå for rett.

– Ikkje berre for vår elev, men også for dei andre elevane i fylket som har bede om dei same.

Teamleiar ved inntakskontoret til fylkeskommunen, Reidun Liljedal Fimreite, kan berre kommentere saka på generelt grunnlag. Ho meiner dei har informert godt nok:

Fyrst ved ein rådgjevarkonferanse, og deretter har informasjonen frå møtet lege tilgjengeleg på fylkeskommunen sine nettsider.

– Eg meiner informasjonsflyten har vore god, seier ho.

Fimreite opplyser at ei handfull elevar her i fylket er i same situasjon som Husøy.

Hadde ikkje fått med seg endringa

Rådgjevar Sidsel Laupsa Larsen ved Byrknes skule seier eleven er heilt uskuldig i rotet. Ho var sjukmeld under rådgjevarkonferansen og fylket har ikkje sendt ut informasjon til grunnskulane i ettertid.

– Eg har ikkje funne noko informasjon om at dette var endra, seier ho.

Emil Hosøy seier at om han ikkje får endre på søknaden, så blir det tre år på studiespesialiserande.

– Så sant eg får det til, så vil eg bytte til elektro. Men om ikkje, så får eg slite meg gjennom tre år på studiespesialiserande. Så får vi sjå kva som skjer etter dette, seier han.