Hopp til innhold

Skuldar senter for streikebryteri

- Då vi kom ned, så var nesten heile senteret ferdigvaska, seier godt opptrekne streikande reinhaldarar utanfor kjøpesenteret Amfi i Florø.

Streikevakter utanfor Amfi i Florø.

Då reinhaldarane Oddny Kjerpeseth, Kjellaug Risøy og ti andre frå firmaet BB ServiceSystem gjekk på streikevakt på kjøpesenteret, var nesten alt som før.

Foto: Simon Solheim/NRK

Senteret har leigd inn eit anna firma som ikkje er i streik til å ta seg av det meste reinhaldsarbeidet. I tillegg yter senterleiar Miriam Nesje sitt for å halde senteret reint.

- Det er streikebryteri, meiner Kjellaug Risøy og dei 11 andre streikevaktene frå firmaet BB ServiceSystem.

- Er veldig skuffa

Oddny Kjerpeseth og Kjellaug Risøy

Streikevaktene er skuffa over at Amfi har leigd inn eit anna selskap for å utføre reinhaldet dei streikande skulle utført.

Foto: Simon Solheim/NRK

Det er over eitt døgn sidan 1 500 reinhaldarar over heile landet vart tekne ut i streik. Mellom andre verksemda som har vore hyra inn til å ta seg av reinhaldet på Amfi-senteret.

At reinhaldet blir gjort om lag som før, irriterer streikevaktene.

- Eg er veldig skuffa over dei. Eg hadde venta at dei støttar oss litt, seier Risøy.

- Heilt feil

Senterleiar Miriam Nesje ved Amfi Florø.

Senterleiar Miriam Nesje ved Amfi Florø deltek sjølv for å halde senteret reint og klart for dei handlande.

Foto: Simon Solheim/NRK

Senterleiar Nesje byter sjølv dopapir og tømmer boss under streiken. I tillegg til at ho har hyra inn eit anna firma for å halde senteret reint. Ho likar dårleg skuldingane om å drive med streikebrot, og tykkjer ikkje det er usolidarisk eller forkasteleg.

- Det er heilt feil. Vi er ikkje eit reinhaldsselskap som dei er tilsette i og eg har ikkje noko arbeidsgjevaransvar ovanfor dei. Eg kjøper ei teneste frå eit selskap som dei er tilsett i, seier ho.

- Ikkje streikebryteri

Stein Evju, professor på arbeidsrett ved Handelshøgskulen BI forstår skuldingane mot kjøpesenteret. Men seier det ikkje er streikebryteri.

- Det kan vere moralsk forkasteleg i ein slik situasjon, men det er aldri straffbart å gjere arbeid som streikande arbeidarar skulle ha utført, seier han.

Risøy og resten av dei andre streikevaktene vil prøve å stogge dei som gjer reinhaldsjobben, som dei skulle gjort.