NRK Meny
Normal

«Barnevernet har fått ei mistolking av familien, foreldra og borna»

– Vi kjenner ikkje att biletet som er skapt. Barnevernet har fått ei mistolking av familien, foreldra og borna.

Inger Elisabeth Baunedal og rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen

DEBATT: Inger Elisabeth Baunedal og rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, innleia debatten om det norske barnevernet under Debatten på NRK1.

Foto: NRK

Det seier Inger Elisabeth Baunedal, tanta til dei fem borna som i november i fjor vart tekne frå foreldra sine etter ei uromelding.

Barnevernssaka i Naustdal har fått verda til å rette kritiske blikk mot det norske barnevernet. Med rette, meiner Baunedal.

– Ut frå vår synsvinkel opplever vi eit tydeleg behov for endring i barnevernet, endring i lovverket som regulerer barnevernet, rettssystemet og alt rundt barnevernet, seier ho.

– Misforståing

Fem månader etter at barnevernet aksjonerte, stiller Baunedal og rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen i Debatten på NRK1.

Det norsk-rumenske ekteparet er sikta og blir etterforska for oppdragarvald. Dei har vedgått å ha klapsa borna i oppheita situasjonar. Baunedal meiner alt byggjer på ei misforståing.

– Skuldinga går på dagleg vald, at borna er traumatiserte og redde foreldra. Det kjenner vi ikkje att i det heile, foreldra og borna, seier ho.

Kristen tru

Inger Elisabeth Baunedal

MISFORSTÅING: Inger Elisabeth Baunedal meiner at barnevernet tviheld på ei mistolking av den norsk-rumenske familien i Naustdal.

Foto: NRK

– Foreldra er utadvente, sosiale og omsorgsfulle både mot sine eigne born og andre. Dei er hjelpsame. Borna er utadvente, kreative og smarte, held ho fram.

Baunedal meiner at barnevern og politi har hengt seg opp i ei meining om at familien prakkar kristen tru på borna gjennom vald. Ho viser mellom anna til samtalar i barnevernet og politiavhøyr.

– Eg veit at det har vore klapps i stressa situasjonar. Det har ikkje vore del av deira oppdraging, seier ho.

Avviser prestisje

Advokatane til familien vil ikkje gje innsyn i dokumenta, medan Barnevernet har teieplikt. Kommunen har opplevd eit stort press i samband med saka. Rådmannen vedgår at barnevernssaker er vanskelege og komplekse, men avviser at det har gått prestisje i saka.

– Vi har ikkje prestisje i denne type saker, men meiner sjølve vi har jobba grundig med den. Saka er også belyst i to rettsinstansar, seinast i tingretten, seier Bang-Olsen.

Nyleg avgjorde Fjordane tingrett at familien får tilbake det yngste av dei fem borna. Saka ligg også på fylkesnemnda sitt bord.

Fastlåst situasjon

Rådmannen framhevar at dei prioriterer gode rammevilkår for born og unge. Han viser til Barnekonvensjonen om at også born skal bli høyrde.

– I barnevernssaker står ein ofte i eit krysspress mellom borna sitt behov for beskyttelse og tryggleik, mot foreldra sitt ynskje om noko anna. I nokre situasjonar må ein kommune ut frå opplysningar seie at ein må sjå grundigare på saka, seier han.

Baunedal trur ikkje Barnevernet vil snu i saka.

– Vi har ei oppfatning av at dei er heilt låst og held fast på biletet av at søster mi og svogeren min er valdelege. Dei kan trekke tilbake skuldinga, men vil ikkje det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.