Skular og basseng kan bli stengde
Stenging av skular og basseng kan vere to aktuelle tiltak som vert sett i verk i Lærdal, for å få økonomien i balanse. Den første tertialrapporten syner eit meirforbruk på drifta på 3,5 millionar kroner, skriv Sogn Avis. Kåre Mentz Lysne (Ap) seier at han vurderer situasjonen som så alvorleg at også upopulære tiltak må realiserast dersom dei skal gå i balanse.