Hopp til innhold

Skular kan bli nedlagt

Vågsøy-ordførar går mot sitt eige partilag.

Holvik skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Vågsøy-ordførar Roger B. Silden frå Arbeiderpartiet trossar sitt eige parti og går framleis inn for å leggje ned grendaskular i Vågsøy.

Trass i at partiet har lova å ikkje leggje ned skular, føreslo Silden på eiga hand å leggje ned Bryggja og Holvik skule i førre formannskapsmøte.

Utelukkar ingenting

I dag skal kommunestyret i Vågsøy vedta den endelege skjebnen til grendaskulane, og Silden ser ikkje vekk frå at han som direktevald ordførar går mot partilaget endå ein gong.

– Eg utelukkar ingenting. Problemet ligg i at vi har eit stort underskot, og eg er oppteken av at vi må få dekning for det. Så får vi sjå kva forslag som kjem på bordet, seier ordføraren.

Ikkje freda

Veker etter at hans eige partilag gjekk ut i lokalavisa og avviste at Arbeiderpartiet ynskjer å leggje ned grendaskular i Vågsøy, vil ikkje ordføraren frede skulane.

Han meiner han har dekning for dette sidan han er direktevald ordførar, og alt har gitt sitt syn til kjenne, slik at han kan føreslå det han vil.

Eigedomsskatt

På kommunestyre-møtet i dag skal Vågsøy kommune vedta ein økonomiplan der dei skal få bukt med eit underskot på 15 millionar kroner.

– Alternativet til å leggje ned skular er kanskje å innføre eigedomsskatt, seier Silden, noko han meiner vil vere negativt for kommunen.

Han seier at underskot-utfordringa må løysast, og at det dermed kan gå utover kvaliteten på skule og eldreomsorg.

Skarpe reaksjonar

Dette forslaget går ikkje upåakta hen hos Leif Terje Haugen frå Senterpartiet. Han er frå Holvik, og vil kjempe for grendeskulen.

– Eg tykkjer det er svært merkeleg at dette kjem opp att, når Arbeiderpartiet har gått så klårt ut og sagt at dei vil støtte meininga til folket, seier Haugen.

– Eg synest rett og slett at det er ei meiningslaus vingling av Arbeiderpartiet vi er vitne til i denne saka, held han fram.