Hopp til innhold

Skuffa over at Trump vann

Ungdommar heldt valvake fleire stadar i fylket i natt. Felles følelse er sjokk og vantru over at Donald Trump er USA sin neste president.

Valvake Eikefjord barne og ungdomsskule

VALVAKE: I Eikefjord sat ungdomane oppe og fylgde med. Til venstre Nora Marie Hesjedal og Karoline Akselsen til høgre.

Foto: Truls Kleiven

– Vi kom ganske forventingsfulle ned hit. Så vart vi meir og meir nedtrykte. Vi prøvde synge litt, men så gjekk stemninga drastisk ned då det vart klart at Donald Trump vart president, seier fylkesleiar Reidar Fugle Nordhaug i AUF, som heldt valvake i heile natt i LO-bygget i Førde.

– Vi var ganske sikre i går kveld då vi høyrde at det var 87 prosent sikkert at Clinton vann. Men så gjekk det nedover. Det har vore veldig spennande. Men eigentleg skjønte vi det tidleg at dette går feil veg, seier Sandra Tenud.

AUF valvake presidentvalet 2016

VAKE: Frå venstre Reidar Fugle Nordhaug, Silje Viktoria Gravdal Vallestad, Sara Vie og Sandra Tenud i AUF.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Natta gjekk til å ete taco, synge kameratsonger og drikke kaffe medan dramaet utfolda seg i USA.

– Det er ganske skuffande at Clinton ikkje blir president. Men eg er spent på kva Trump kjem til å gjere no. Blir det mur? Blir det horrible handelsblokadar? Korleis vil takketala hans høyrest ut? Blir det i ei sedvanleg Trump-tone, eller blir det presidentaktig? spør Reidar Fugle Nordhaug.

AUF-valvake presidentval 2016

Capsen vart teken med for moro skuld, men vart kasta på golvet i morgontimane.

Elevar på vake

I Eikefjord hadde cirka 30 elevar ved Eikefjord barne og ungdomsskule også valvake i natt. Ungdomane har jobba med valet i haust, og skal levere ein presentasjon i løpet av ei vekes tid. Dei fleste av ungdomane håpte på Hillary Clinton.

– Dette er ei viktig sak. Verdas mest mektige mann eller kvinne skal veljast. Vi har lyst til å følge med på det. Det har mykje å seie for resten av verda korleis dette valet går, seier Karoline Akselsen.

Maten dei åt under valvaka hadde ein vri.

– Sidan dei fleste av oss heiar på Hillary, har vi valt å servere meksikansk gryte under valvaka, smiler Nora Marie Hesjedal.

Eikefjord barne og ungdomsskule held valvake under presidentvalet i USA 2016.

VIDEO: Sjå valvaken i Eikefjord. Video: Truls Kleiven.