NRK Meny
Normal

Over og ut for Sogndalspakken

Det blir ikkje noko av vegtunnelen under Sogndal sentrum. Politikarane i kommunen vil nemleg ikkje gå vidare med dei omfattande planane til Vegvesenet.

Jarle Aarvoll

SKUFFA: Ordførar Jarle Aarvoll seier planane i Sogndalspakken er noko det har blitt jobba med i fleire tiår. Han vedgår at det er leitt at dei no legg dei vekk.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fleirtalet i kommunestyret i Sogndal bestemte seg i går for å ikkje gå inn for den såkalla Sogndalspakken, det skriv Sogn Avis.

Sogndalspakken inneheld seks enkeltståande prosjekt, som har som mål å betre trafikkavviklinga i sentrum, i tillegg til å fjerne biltrafikken frå store delar av Gravensteinsgata (sjå faktaboks).

Ordførar Jarle Aarvoll vedgår at han er skuffa.

– Eg sjølv har stått på for å få til denne løysinga, men då saka kom til realitetsbehandling vart utfallet annleis. Fleirtalet meinte at den beste løysinga var å seie nei til dette, seier Aarvoll til NRK.no.

– Ikkje noko heiakor

Riksveg 5 går i dag like gjennom Sogndal sentrum, og tal frå 2014 viser at årsdøgntrafikken i Gravensteinsgata var på vel 8650 køyretøy. Denne er venta å auke til 10.500 i løpet av dei neste tjue åra.

Vegprosjekta i sentrum var tenkt å gi dei mjuke trafikantane ein annan kvardag, i tillegg til at det opna opp for anna bruk av sentrum sidan trafikken ville gå under.

Då planane vart presenterte på eit folkemøte i haust var mange skeptiske. Aarvoll seier dette er signal mange har lytta til.

– Politikarane skal bestemme, og vi skal lytte til responsen rundt. Vi har ikkje opplevd noko svært heiakor for desse planane.

Sogndal sentrum

IKKJE TUNNEL: Også i åra framover vil trafikken gå gjennom Sogndal sentrum, og ikkje under i tunnel slik det vart lagt opp til i Sogndalspakken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det var synd

Prislappen for prosjekta er rekna til vel 600 millionar, der delar av prosjektet er tenkt finansiert av bompengar. Aarvoll seier det har vore motstand både mot bompengar, men også sjølve trafikkløysingane.

Han understrekar at politikarane framleis vil jobbe for å betre vilkåra for dei gåande og syklande, og at dei på sikt håpar å få til løysingar for å få gjennomgangstrafikken ut av sentrum.

– Eg syns det var synd vi ikkje nådde fram med noko vi har jobba så lenge med. Men no jobbar vi vidare, og skal ikkje miste fokus på at kommunen skal utvikle seg, seier Aarvoll.

Meiner syklistane blir taparane

Senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen meiner det er dei mjuke trafikantane som blir taparane når politikarane i Sogndal no har stogga planane om tunnel under sentrum.

– Vi noterer oss at det ikkje er eit lokalpolitisk ønskje om tiltak her, og det er greitt for oss.

– Vi ser ikkje Gravensteinsgata som eit stort problem for trafikkavvikling, og det går bra både for dei gåande og for biltrafikken. Men det er ikkje godt nok for sykkeltrafikken, så det er dei som vil lide eit tap her, seier Kvåle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser