Hopp til innhold

Skrikande jubileumstur

Airlift tilbydde rundflygning under 25 - årsjubileumet til Førde Lufthamn Bringeland og for nokon vart overgangen frå barnevogn til helikopter skremmande.

Tiril og Brage Gamlestøl frå Naustdal hadde tatt turen til Bringeland med pappa Vidar for sin aller første helikoptertur denne dagen, og det skulle bli ein turbulent tur i lufta.

(Atikkelen held fram under biletet)

bringeland 25 år

SKREMMANDE: Overgangen frå barnevogn til helikopter vart stor for Brage Gamlestøl.

Foto: Ingrid Risnes / NRK

Tårer og redsel

Spenning og nysgjerrigheit vart etter kvart bytta ut med tårer og redsel. Då skulle armkroken til pappa, Vidar Gamlestøl, bli god å ha.

- Går det bra? lurde pilot Anders Bjørgum på.

(Atikkelen held fram under biletet)

Rundtflyging Airlift

RUNDFLYGING: Pilot Anders Bjørgum og Airlift tilbaud rundflyging på 25- årsjubileumet.

Foto: Ingrid Risnes / NRK

Responsen frå minstemann i baksetet var i alle fall klar, å flyge helikopter er noko heilt anna enn å køyre barnevogn.

Smilet på plass igjen

Sjølv om den første helikopterturen kunne verke avskremmande i byrjinga, var smilet breitt på plass når alle tre hadde fått planta beina på jorda igjen.

- Det var gøy! Kunne ei glad og letta Tiril slå fast.

- Det var ikkje min første tur, men jammen hadde eg godt med sug i magen eg óg, kunne pappa Vidar fortelje smilande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bringeland 25 år

FLY TIL LANDING: Tiril og Brage fekk mellom anna sjå eit fly gå inn til landing frå lufta.

Foto: Ingrid Risnes / NRK

Viktig for området

Vidar trur nok at flyplassen har mykje å seie for folk i området, og ikkje minst med tanke på vekst i næringslivet.

- Vi er nok ikkje dei som brukar flyplassen mest, men når ein først skal bruke den er den veldig god å ha, slo Vidar Gamlestøl fast.