Hopp til innhold

Skred tok 177 dyr

177 reinsdyr miste i vinter livet i eit snørskred i Nordfjella, på grensa mellom kommunane Aurland og Ål.

Reinsdyr tatt av ras

KADAVER: Dette synet møtte naturoppsynet i Nordfjella.

Foto: Statens Naturoppsyn, Aurland

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier til Sogn Avis at det er vanleg at dyr blir tekne av skred men ikkje at så mange går med samstundes.

Kortar ned jakta

Tapstalet skal likevel ikkje utgjere noko fare for bestanden.

–Vi talde over 2500 dyr i vinter, det var litt over målsetjinga. seier Lars Nesse, leiar i Nordfjella Vilreinnutval seier til avisa.

Haustens jaktperiode vil jamvel bli korta ned med fem dagar.

Villreinbestanden i Nordfjella er landets sjette største og strekk seg frå Bergensbanen i sør til Hemsedalsfjellet i nord.

(Artikkelen

Rein ved Eldrevatn på Hemsedalsfjellet

STOR STAMME: Reinstammen i Nordfjella vandrar frå Hemsedalsfjellet til Hardangervidda. Her frå Eldrevatn på Hemsedalsfjellet. Arkivfoto

Foto: ukjend / © Fylkesarkivet

Åtte rein-område

I Sogn og Fjordane finn ein leveområde for heile eller delar av åtte villreinstammar.

Nordfjella heilt søraust i fylket er den einaste stammen i fylket med genetisk opphavleg villrein, men med åra er han blitt iblanda tamrein.

Alle dei andre stammane har opphav i tamrein: Lærdal-Årdal, Vest-Jotunheimen, Fjellheimen, Sunnfjord, Førdefjella, Svartebotnen og Ottadalen.

Kjelder: Sogn og Avis og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane