Mange har testa islagde vatn rundt omkring i fylket. Fleire stadar har stålisen lagt seg på mindre vatn, og gitt folk høve til å leite fram skøytene og pusse støv av gamle kunstar på glattisen.
For Teddy som er ein vasshund ligg det meir naturleg å vere under vatn og dykke etter ting. Men i kulden finn han seg særdeles godt til rette også på vatnet og gjer seg raskt til ein populær kompis på isen.
Med hockeykøller og hjelm har det blitt spelt meir eller mindre alvorleg hockeykamp på Dalevatnet på Støfring i Jølster. Her la stålisen seg tidlegare i veka, så vatnet har plutseleg blitt ein populær møteplass i vinterkulden.
På Digernesvatnet i Førde har det vore mykje skøyteaktivitet i helga. Laurdag leika sola med silhuetten av Olav.
Søndag er temperaturane av ein heilt annan karakter, og det er snø i lufta. Dermed kan det vere fornuftig å bruke isen før snøen legg seg, og ikkje minst vere ekstra påpasselege for at isen ikkje er så sterk lenger når det blir mildare temperaturar.
- Les også: