Hopp til innhold

Sprengkulda er snart over

Folk har gått mann av huse til fjell og islagte vatn i klarvêr over heile Sogn og Fjordane laurdag. Søndag kjem vêromslaget.

Isleik på Digernesvatnet i Førde

SKYAR OVER: Bilete som dette kan bli vanskelegare å få tatt søndag. Her er Olav Sanne-Gundersen (7) bada i sol på det islagde Digernesvatnet i Førde laurdag.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen

– Det blir litt mildare. Framleis vil vi få ein kjølig og vinterleg vêrtype, men på kysten kan temperaturen vippe null grader. Kanskje eit par plussgrader, opplyser statsmeteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Laurdag 9. januar ser ut til å ha vore ein utedag av dei sjeldne i Sogn og Fjordane. På sosiale medier fløymer det over av biletvakre postkortmotiv frå folk som har lufta seg i fjordfylket. Pågangen på NRK Sogn og Fjordane sin Instagram-konto #nrksf har vore utan sidestykke for årstida (sjå biletgalleri nedst i saka).

Nysnø i deler av fylket

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

SER ENDRING: Statsmeteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Foto: Meteorologisk institutt

Men natt til søndag kjem skyene inn over fjordarmane.

– Frå i natt blir det nokså skya. Det blir nok fine augneblink også søndag, der sola kan gløtte gjennom første del av dagen. Men det blir tilskya og vi får ein del austavind i utsette fjord- og dalstrok, seier Livik.

Den største forandringa kjem sør i fylket.

– Til kvelden ser det ut til at det kan komme litt snø i Sogn. Kanskje to til seks centimeter på det meste i indre strok. Årsaka er eit nedbørsområde som trekkjer seg nordover.

Ifølgje Livik vil snøgrensa så godt som følgje fogderigrensa men snø frå kysten til inst i Sogn, mens Sunnfjord og Nordfjord ser ut til å gå klar. Han legg likevel til at det for det meste ser ut til å bli opphaldsvêr søndag.

Kaldt, men varmare

Utover veka kan ein vente seg det Vêrvarslinga kallar eit meir varierande vêr. I alle fall samanlikna med det som har vore til no i 2016.

– Det blir ein kjølig vêrtype, men mindre kaldt enn det har vore denne veka. Frå onsdag av kan det bli periodar med litt snø, men ikkje dei store mengder. Det blir varierande temperaturar og skya vêr.

Blånibba i Gloppen
Foto: Marianne Kvame

– Kva med skeiseisen?

– Det ser ut til at skeiseisen vil halde seg, i alle fall med unntak av på kysten. Det vil ikkje bli noko vesentleg opptining av isen, trur Livik.

Men vinden kan gi utfordringar.

Åtvarar mot brannfare

– Ein ventar ganske kraftig austavind, og ikkje store mengder med snø. Fleire stader er det lenge sidan det har komme nedbør, og det er fare for gras- og lyngbrann når terrenget tørkar ut, åtvarar Livik.

Det er ei åtvaring også vaktleiar Forde Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane deler.

– Vi ser at mange har kosa seg med bål ute i dag. Ein bør absolutt tenkje på brannfaren. Tenk heile tida på at ein skal kunne sløkkje.

– Bør ein la vere å tenne bål?

– Små bål i kontrollerte former går nok bra. Men ein må vere påpasseleg, seier Eide.

Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane åtvarar på det sterkaste folk om å ta for gitt at det er trygt å gå ut på islagde vatn.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..