NRK Meny
Normal

Fekk kontroll på brannen torsdag kveld

Brannvesenet har no kontroll på lyng og krattbrannen som sidan klokka 15 torsdag ettermiddag har herja på vestsida av fjelltoppen Rognen i Bremanger.

Video filma av brannmannskapa som kjempar mot flammane.

Video filma av brannmannskapa som kjempa mot flammane oppe på fjellet. Foto: Arne Rebni.

I heile kveld har brannmannskap frå Florø og Bremanger, og personell frå sivilforsvaret i Florø kjempa mot ein lyngbrann på vestsida av fjelltoppen Rognen i Bremanger kommune.

Meldinga om brannen kom klokka 15.04. Men klokka 22.50 kan innsatsleiaren fortelje at dei har kontroll.

– Siste melding frå mannskapane på toppen er at dei no har kontroll på brannen, det er ikkje lenger opne flammar, fortel innsatsleiar på staden, Stig Holm.

Han fortel at det framleis er røykutvikling enkelte stader, og at brannvesenet blir på staden utover natta for å drive ettersløkking og halde kontrollen i området.

Enno er det vanskeleg å fastslå nøyaktig kor stort område flammane har svidd av.

– Det vi kan seie er at det har vore ein front på rundt 700 meter, men kor stort areal det er må vi kome tilbake til seinare.

Klokka 23.20 fortel vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Frode Korneliussen at dei no har fått stadfesta at brannen er under kontroll. Dei byrjar også å få ei oversikt over kor stor brannen har vore.

– Vi estimerer at området som har brunne er på rundt 1000x1000 meter, altså cirka 10 mål, seier Korneliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Bremanger

ENDELEG: Etter ein lang kamp mot flammane kan mannskapa puste ut. No vert det brannvakt i natt.

Foto: Bjørn Wefring

Vinden jobbar med oss og mot oss

Store styrkar har vore med i sløkkingsarbeidet. Fire mann frå brannvesenet kom til toppen rundt klokka 20.00, og ytterlegare ni personar kom til klokka 20.45.

– Det er enno så mykje røyk at vi ikkje greier å sjå kor stort areal som er svidd av og kor stort område som brenn, sa innsatsleiar på staden, Stig Holm klokka 20.45.

Han fortalde at dei freista å ta brannen frå fleire sider. Det var meldt aukande vind torsdag kveld, men denne skal avta utover kvelden, sa Holm.

– Jobben vi gjer har effekt. Vi står å jobbar med ein god vind i ryggen, og er trygge. Men samtidig jobbar vinden mot oss, fordi han spreier flammane vidare, sa han.

Holm hadde då god tru på at dei skulle klare å handtere flammane, før dei kunne spreie seg vidare mot skog og busetnad.

– Vi trur vi skal klare å handtere dette her oppe når vi får hjelp. Men dette er sopass stort at vi kjem til å jobbe utover kvelden og natta, sa Holm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Bremanger

TI MÅL: Estimat tyder på at eit område på ti mål vart svidd av, seier vaktleiar ved Alarmsentralen Frode Korneliussen.

Foto: Otto J. Hermann

Store styrkar på plass

Nede i bygda hadde mannskapa fått mat, og dreiv med planlegging, fortalde vaktleiar Espen Rysjedal ved alarmsentralen til NRK rundt klokka 19.

– Dei førebur kva dei skal gjere dersom flammane kjem ned i dalen. Vi har no sikra områda der det er busetnad.

Brannmannskap frå Svelgen var først på staden. I tillegg kom fem mann frå brannvesenet i Florø og 12 personar frå sivilforsvaret til staden. Sivilforsvaret hadde med seg store pumper og mykje vatn.

– På noverande tidspunkt er ingen busetnad i fare, og det skal ikkje vere hyttefelt i området. Men vi har sikra busetnaden nede i bygda, og er klare om flammane kjem ned, seier Rysjedal.

Dei var klokka 19 ikkje sikre på om flammane hadde nådd skogen.

– Men kjem flammane ned til granskogen i dalen, så er mannskap klare til å ta i mot. Men då har dei noko å henge fingrane utover kvelden, sa Rysjedal.

Og han åtvara om at det kunne gå lang tid før brannen vart sløkt.

– Det kan hende det brenn mange timar i fjellet, for det er veldig tørt no. Så lenge det ikkje er fare for busetnaden kjem vi ikkje til å setje inn helikopter, men vi vurderer situasjonen fortlaupande.

Brann i Bremanger

PÅ PLASS: Brannmannskapa er på plass, men har som Arne Sørgulen fortel til NRK ein lang veg opp til flammane.

Foto: Kristian Øvrebotten

Brenn på stort område – har varsla sivilforsvaret

Klokka 16.25 fortalde Rysjedal at brannmannskapa frå Svelgen hadde kome fram. Alarmsentralen har no fått større oversikt over brannen.

– Mannen som er i området kan fortelje at eit område på 250x600 meter er svidd av. Det er eit belte på rundt 100 meter som brenn, sa Rysjedal

Alarmsentralen førehandsvarsla sivilforsvaret. Helikopteret som var venta, har vore i området.

– Dei kunne ikkje sjå flammar grunna den sterke røykutviklinga. Helikopteret hadde med seg passasjerar, og måtte lande ved Florø lufthamn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Bremanger

FRÅ FLY: Dette bilete er teke frå eit passasjerfly som passerte området.

Foto: Otto J. Herrmann

Kaffibål ut av kontroll

– Vi fekk inn melding om mykje røykutvikling ein plass som heiter Botnen, mellom Skudalsnipa og Rognen, sa Espen Rysjedal, vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, til NRK klokka 15.55

Han fortel at eit kaffibål har kome ut av kontroll. Rysjedal kunne ikkje seie noko om kor stor brannen var rundt klokka 16.

– Vi har berre ein mann oppe ved skogbrannen, og det er han som har vore uheldig med kaffibålet. Det einaste vi veit er at han ikkje klarar å stogge brannen.

Både brannstyrkar og helikopter var då på veg.

– Vi har sendt ut folk Svelgen, for å sjå kva dei klarar. Men dette er høgt oppe, fortalde Rysjedal.

Dei venta på eit nordsjøhelikopter som skulle ta ein tur over området for å sjekke omfanget. Helikopteret måtte altså snu, på grunn av at det ikkje såg noko gjennom røyken og fordi det hadde passasjerar med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Bremanger

GODT SYNLEG: Folk i området meldte tidleg om stor røykutvikling, men ikkje synlege flammar nede frå Dalen.

Foto: Arne Sørgulen

– Vi ser berre røyken

– Vi ser røyken som kjem utover. Vi ser ikkje flammar her frå bygda, men ser røyken komme frå toppane, sa Audun Sande klokka 16.10. Han bur i Botnane.

– Kor langt er det ned til bygda?

– Det er vel 3–400 meter høge fjell, så det er ganske langt frå bustadhus no.

Men Sande sa at det bles kraftig i området.

– Ja, vinden er ganske kraftig, så dette kan jo spreie seg.

– Trur brannmannskapa vil få problem

– Eg ser ganske mykje røyk som kjem ned Mørkedalen. Det luktar ganske mykje eine og lyng. Det er mykje lyng og einer der oppe.

Det sa Arne Sørgulen til NRK.no litt før klokka 16.30. Heller ikkje han kan sjå sjølve flammane.

Han håpte at mannskapa skulle få kontroll før flammane byrja ta i skogen. Men han trudde brannmannskapa ville ha problem med å nå flammane.

– Brannmannskapa kjem seg ikkje opp i området utan hjelp. For dei må gå fleire kilometer opp for å nå brannen, sa han.

Sørgulen oppdaga brannen då han kom innover fjorden klokka 15.15.

– Det var ein merkeleg farge på det som kom over fjellsida. Eg lurte først på om det var skodde. Men eg tok meg ein tur, og då skjønte eg kva det var.

Brann Bremanger

TEPPE: Det var svært vanskeleg å få oversikt over brannen og kva retning han spreidde seg, på grunn av den tette røyken.

Foto: Otto J. Hermann
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote