Hopp til innhold

Skjulte dyretragedie

- Bonden som let 150 sauer døy må dømmast til 45 dagar i fengsel. Det var påstanden frå påtalemakta då saka var oppe for Sogn Tingrett denne veka.

Den store dyretragedien i Skjolden vart oppdaga 24. mars i fjor. Då hadde det gått over to månader sidan sauene sist hadde fått mat, skriv Sogn Avis.

Den 23 år gamle bonden har vedgått dei faktiske forholda, men nektar straffskuld. Ifølgje forsvararen var mannen ikkje strafferettsleg tilrekneleg på grunn av den mentale helsetilstanden.

Sov ikkje om natta

Sogn Avis skriv at den gryande katastrofen i sauefjøsen tok fullstendig handlekrafta frå mannen som året før hadde kjøpt garden, der han heldt 150 sauer, ein hest og ein hund. Han var åleine ansvarleg for gardsdrifta, i tillegg hadde han to jobbar utanom.

Pengeproblem og det enorme arbeidspresset gjorde han handlingslamma. Då han 20. januar oppdaga fire-fem daude sauer reagerte han slik.

- Eg rygga ut, slo att døra og stengde for alt. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, eg sov ikkje om natta, eg vart slegen ut, sa 23-åringen i retten.

Skjulte tragedien

I tida etterpå skubba han frå seg tanken om problema i fjøsen. I løpet av dei to neste månadene var han inne i fjøsen berre ein gong, då han skulle stengje av vatnet.

- Eg klarte å skru av medan eg heldt meg for auga.

Prøvde å ta sitt eige liv

Prøvde å ta sitt eige liv

Då han neste gong kom innatt i fjøsen og såg det grusome synet av 150 daude sauer, svartna det og han rømde innatt i bustadhuset. Her låste han døra bak seg, tok hagla ned frå veggen, putta skot i kammeret og retta munningen mot seg.

- Eg var heilt rådlaus, sa 23-åringen i retten, og påstod at han drog i avtrekkaren på hagla, men at ho var sikra, skriv Sogn Avis.

Aktor i saka, politiadvokat Bjørn Larsen, meiner det må reagerast strengt, medan forsvarar Arne Gjeraker vil ha klienten frikjend.