Hopp til innhold

Flåmsbana open etter skinnebrot

Flåmsbana som går mellom Flåm og Myrdal har opna etter eit skinnebrot måndag føremiddag. Jernbaneverket stogga all togtrafikk då ein lokførar melde frå om eit mogleg skinnebrot.

Flåmsbanen 2007

STENGT: Flåmsbana er stengt grunna eit mogleg skjenebrot. (ARKIVFOTO).

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

SISTE: Jernbaneverket opplyser klokka 14.45 at bana er opna att, etter at skinnebrotet gjorde at to avgangar vart innstilte. Det vil seie at avgangen frå Flåm klokka 14.40 går som planlagt.

I 2013 reiste 716.000 passasjerar med Flåmsbana, som er ein av dei store turistmagnetane på Vestlandet. Toget går ikkje like hyppig på hausten som i sommarsesongen, men fleire avgangar er allereie stogga.

Tok ikkje sjansen - stengte bana

Det var ein lokførar som mistenkte skinnebrot og melde frå om det.

– Meldinga frå lokføraren synte seg å stemme. Det var eit skinnebrot. No driv dei å skiftar ei skinne der nede, sa Inge Hjertaas, pressevakt i Jernbaneverket til NRK.no klokka 14.05.

Avgangane klokka 11.30 frå Flåm og 13.00 frå Myrdal vart innstilte. Hjertaas seier dei ikkje tok sjansen på å sende toga av garde

– For å vere sikre måtte vi sjekke meldinga før vi sendte tog ut igjen. Det synte seg å vere eit brot av ein slik type at vi ikkje kunne ta sjansen, seier Hjertaas.

Veit ikkje kva som har skjedd

Hjertaas seier brot på togskinnene kan skje på fleire måtar.

– Det kan ha utvikla seg over tid, men kan også vere resultat steinar som har falle ned, seier Hjertaas.

– Men vi har ikkje fått indikasjonar på ras her, seier han.