Hopp til innhold

Skilta til ikkje-eksisterande stad

På vegskilta i Lærdal og ved Fodnes står det at du kan køyre fylkesveg 53 til Årdal. Problemet at det ikkje finst nokon stad i indre Sogn som heiter Årdal. Det er berre eit kommunenamn.

Fodnestunnelen på rv 5 i Lærdal

KVAR I ÅRDAL? Ved inngangen til Fodnestunnelen i Lærdal fortel skiltet oss at det er 30 kilometer til Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Langs fylkesveg 53 i Årdal kommune er det to tettstader: Årdalstangen og Øvre Årdal.

Kjem du frå Lærdal og skal inn i Fodnestunnelen fortel skiltet at det er 30 kilometer til Årdal. Reknar vi kilometer på kartet er det 30 kilometer frå Lærdal til tettstaden og kommunesenteret Årdalstangen, medan det berre er nokre få kilometer til kommunegrensa til Årdal.

Årdalstangen

ÅRDALSTANGEN: Den minste av dei to tettstadene i Årdal, men med kommuneadministrasjonen, 30 kilometer frå Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Til Øvre Årdal, som er den største av dei to tettstadene, er det 41 kilometer frå Lærdal.

– Har ikkje noko godt svar

Seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen seier at han ikkje har noko godt svar på kvifor dei då vegen vart opna i 1993 valde å skilte til Årdal og ikkje ein av dei to tettstadene i kommunen.

Eivind Yttri

VIL UNDERSØKE: Seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er ei skilting som har stått i ein god del år, og eg greier ikkje gi noko godt svar no på kvifor vi har valt å skilte til Årdal. Men eg vil undersøke om det er rett eller ikkje. Truleg vart det gjort eit val der ein tok den korte versjonen og viste tal kilometer til den næraste av dei to tettstadene.

For elles er vel praksis at de skiltar til byar og tettstader, ikkje kommunar?

– Det stemmer. Vanlegvis skiltar vi til tettstader.

Kan det vere aktuelt å endre det, slik at det viser til ein av dei to tettstadene?

– Vi må sjå på om vi meiner det er rett slik det er. Over ferien får vi ta opp saka.

Øvre Årdal

ØVRE ÅRDAL: Den største av dei to tettstadene i Årdal, 41 kilometer frå Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Misvisande vegmeldingar

Eit anna fenomen i Statens vegvesen som kanskje er ein konsekvens av skiltinga til Årdal er at det i mange av vegmeldingane blir operert med «fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal». Det er også tilfelle når det er snakk om ei hending t.d. i Midnestunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

For årdøler er dette misvisande og forvirrande, iallfall dersom namnet Årdal står for Årdalstangen, slik vi skal tolke det ut frå skiltet i Lærdal.

Marit Hove i Vegtrafkksentralen i Bergen seier at dei må halde seg til eit sentralt meldingsføringssystem.

– Der er det standardstrekningar som er definerte av Nasjonal vegdatabank. Når det skjer noko på t.d. fylkesveg 53 må vi velje denne standardstrekninga, og der er det brukt Årdal, og ikkje tettstadene i kommunen.

Kart over Årdal

FOR DEI IKKJE LOKALKJENDE: På kartet finn vi tettstadene Årdalstangen og Øvre Årdal, men ingen stad som heiter Årdal.

Foto: Fylkesatlas, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane